Avslutta med uavgjort
10 sigrar, to uavgjort og eitt tap let seg høyra. Med Os A-lags sterke haust enda dei på fjerdeplass.
- Med 1-1 borte mot Viking 2 i dag enda me med 42 poeng. 32 av dei har me teke i haust. Det er rimeleg sjukt, ler Os-stoppar Endre Brenne.
Han er rimeleg nøgd med avslutningskampen mot Viking 2.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Me gjekk opp i leiinga 1-0 etter vel 70 minutts spel. Dessverre laga eg ein straffe og gav Viking 2 dermed høve til å utlikna like før slutt. Litt surt, men alt i alt eit ok resultat, seier Brenne.
Velfortent kvil
Målskårar for Os var Anders Havsgård. Ungdomen skåra sitt første for for A-laget.
- Det var morosamt for Anders. Elles må eg få skryta av Torgeir Lunde som spelte frå start som offensiv midtbane. Han var kjempegod. Blant våre beste, rosar Brenne.
Os-spelarane tek seg no ein velfortent kvil i eit par veker. Deretter starter oppkøyringa til neste sesong.
- Me gler oss både til kvilen og til oppstarten igjen. Eg trur me skal få eit veldig bra lag neste sesong, seier Os-stopparen.
Han hadde sjølvsagt fått med seg at Lysekloster rykkte opp laurdag ettermiddag.
- Eg må berre få gratulera dei. Det er ein flott prestasjon. Neste sesong kjem me gjerne etter, avsluttar Brenne.