Joakim Hjelmeland fekk seg eit kutt ved auge i 2-1 tapet for 2. divisjonslaget Vindbjart i går.
Joakim Hjelmeland fekk seg eit kutt ved auge i 2-1 tapet for 2. divisjonslaget Vindbjart i går.

Avslutta kampen med keeper som spiss

Treningskampen mot Vindbjart enda med 2-1-tap for Lysekloster, som sparte ein del spelarar som er småskadd. Det gjorde at keeper Ole Kristian Olsen fekk 10 minutt som spiss.

- Nokre av spelarane stod over kampen, medan andre fekk speletid, men blei tatt av banen etter kvart. Vi hadde dermed litt få spelarar på benken, seier Lysekloster-trenar Ørjan Sandal.

Høgt og lågt press

I førsteomgang la Lysekloster seg bakpå og let Vindbjart ha ballen og styra spelet.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det var avtalt på førehand, då dette er noko vi må øve på, seier Sandal.

Dei lukkast med taktikken, og tok leiinga på ein overgang då Tommy Gaustad fann Petrit Zhubi framfor mål.

Utlikninga kom skulle likevel koma før pausesignalet gjekk.

I andre omgang la Lysekloster om til høgt press slik dei er van til å spela, og kampen opna seg meir opp. Etter 64 minutt kom den avgjerande skåringa for Vindbjart.

- Dei skapte flest sjansar

Sjølv om det blei tap, er Sandal godt nøgd med gjennomføringa. Vi framstår som eit lag, og er samla i det vi gjer. I tillegg til målet skapte vi 4-5 store målsjansar, seier han.

- Vindbjart skriv på deira heimeside at dei hadde kontroll på kampen heile vegen, og at det hadde 20 målsjansar. Stemmer det?

- Eg las det eg også. Det stemmer at dei hadde ballen mest, og at dei skapte flest sjansar, seier Sandal.

Spelarane kom seg heilskinna gjennom den første treningskampen på treningsleiren i Albir.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Joakim Hjelmeland fekk seg eit kutt ved auge, men det er ikkje noko fare for resten av treningsleiren for hans del, seier Sandal.

I går var det 2. divisjonsmotstand. Fredag skal munkane måla krefter mot det svenske 3. divisjonslaget IF Lödde.