Tommy Gaustad og Lysekloster sleit med å få ballen i mål heime mot Øystese. Borte mot Varegg putta dei seks. Gaustad sette inn eit av måla. (Arkivfoto)
Tommy Gaustad og Lysekloster sleit med å få ballen i mål heime mot Øystese. Borte mot Varegg putta dei seks. Gaustad sette inn eit av måla. (Arkivfoto)

Årsbeste mot Varegg

- Førsteomgangen mot Varegg er årsbeste, seier Ørjan Sandal etter Lyseklosters 6-2-siger onsdag.

Det var ein skuffa Lysekloster-gjeng som gjekk av banen etter 2-2 heime mot Øystese sist fredag. Borte mot Varegg no onsdag var det ei heilt anna tenning.

- Eg er utruleg nøgd med den entusiasmen og ståpåviljen som gutane viser. Me klarte å stå høgt heile første omgang og skåra fire flotte mål før pause, seier Sandal.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han trong ikkje å venta lenge på det femte.

- Me var knapt på plass ved benken før 5-0 var eit faktum. Eg trur Sigve Rørstads mål kom etter ti sekund, fortel trenaren.

To igjen

Medan Lysekloster sleit med å få mål mot Øystese, kom dei som perler på ei snor mot normalt så heimesterke Varegg. Sigve Rørstad skåra to medan Tommy Gaustad, Sindre Flaa, Hans Christian Nysæther og Øystein Takle Eide skåra kvart sitt.

- At me fall litt nedpå etter å ha sett inn 5-0, får me heller tola. Gutane lå ned ein enorm innsats, og me i trenarteamet er stolt av gutane, seier Sandal.

Komande laurdag spelar Lysekloster borte mot Loddefjord. Deretter venter Bjarg heime i siste kamp før ferien.

- Dersom me held fram som mot Varegg, lovar det bra. No vann Sotra 2-0 borte mot Austevoll og er framleis to poeng framfor oss, men dei har Øystese og Varegg igjen. Det blir ikkje lette kampar det heller, seier Sandal.