Sverre Lunde Pedersen vart av Bergen kommune fredag ettermiddag kåra til årets idrettsutøvar. Osingen var ikkje sjølv til stades under pressekonferransen i Bergen. (Arkivfoto)
Sverre Lunde Pedersen vart av Bergen kommune fredag ettermiddag kåra til årets idrettsutøvar. Osingen var ikkje sjølv til stades under pressekonferransen i Bergen. (Arkivfoto)

Årets suverene idrettsutøvar i Bergen

Fredag var det klart at Sverre Lunde Pedersen er kåra til årets idrettsutøvar av Bergen kommune.

Bergen kommune delte ut sine prisar og stipend fredag ettermiddag. Den gjævaste utmerkinga gjekk altså til osingen og skeiseløparen Sverre Lunde pedersen.

Stort førebilete

- Han har stått fram som eit svært godt førebilete for idretten i Bergen, sa ordførar Marte Mjøs Persen til pressa.

Artikkelen held fram under annonsen.

VM-bronsen og V-cup-sigeren på 1.500 m tidlegare i år er berre nokre av resultata som gjer at Pedersen stikk seg ut.

- Resultata i 2015 viser at spådommen om at han er den nye norske toppløparen, har gått i oppfylling, sa Persen vidare ifølgje Bergens Tidende.

I helga er Sverre i aksjon under allround-NM i Sørmarka Arena i Bergen. Dersom alt går som 23-åringen håpar, tek han sin første norske allround-tittel som senior-løpar.