Alma var best i sin klasse
Alma Horne kom heim frå JKA Open med ein 1. og ein 4. plass.
I helga deltok Alma Horne frå Fusa karakteklubb på JKA Open i Stangehallen.
Horne vann klassen sin i kumite, og fekk ein 4. plass i kata.
Artikkelen held fram under annonsen.
183 utøvarar deltok på arrangementet i regi av Stange karateklubb. Neste store happening er ifølgje JKA Norway si Facebook-side sommergasshukuen i Bærum 9. til 12. juni.