Adrenalin-Arne tilbake i Os-handballen
10 år etter han forlot Os Turn er Arne Veim Haugland tilbake i Os. Vingen skal vera med herrane ut sesongen.
I Os kjenner me han som fotballkeeper, dødsing-stupar og freeride-køyrar i alpint, men sporten han har drive med mest, er faktisk handball.
- Kenneth Husebø spurte om eg ikkje kunne spela for Os ut vårsesongen og hjelpa til å sikra plassen blant dei seks beste i 3. divisjonen. Det trigga meg nok til å koma heim att, seier Arne Veim Haugland.
Artikkelen held fram under annonsen.
Etter at han forlét Os som 15-åring har han spelt for Fyllingen, Kristiansand, Nærbø, Viking og no sist Handelshøyskolen.
- Eg hadde ikkje sett for meg at eg ville spela for Os igjen, men så langt har det vore kjekt. Artig å spela med gamle lagkameratar som Jørgen Wold og Joakim Blodstrupmoen igjen, smiler Veim Haugland på veg ut på parketten etter damenes kamp onsdag kveld.
Tryggleik og kreativitet
25-åringen som har solid erfaring frå 1. divisjon har dei siste åra spelt i 2. divisjon for Handelshøyskolen. Han trur han har mykje å bidra med for Os-herrane.
- I gamle dagar var eg kant. I Os reknar eg med dei vil nytta meg som midtback eller venstreback. Eg har god rutine og kan spreia tryggleik i laget. Forhåpentlegvis vil det gjera sitt til at laget held plassen blant dei seks beste i 3. divisjon og dermed sikrar spel i neste års "gode" 3. divisjon, seier Veim Haugland.
Når alt kjem til alt, passa det han ganske greitt å koma til Os nett no.
- Med NHH-laget har eg slite med å koma meg på trening. Jobben som eigendomsmeklar tek nær all tida mi. Då passa det fint med Os-herrane som trenar seint på kveld i heimkommunen der eg framleis bur, seier Arne.
Solid forsterkning
Trenar Kenneth Husebø er veldig nøgd med å ha fått Arne til Os igjen.
- Me har mykje skadar i laget for tida, så me var avhengige av å få inn litt fleire folk. Ein ekstra bonus er det sjølvsagt at Arne er ein enormt god handballspelar. Han er kreativ, har stor forståing for spelet og er sterk og svært godt trena. Det er klart han er ei stor forsterkning for oss, seier Husebø.
Artikkelen held fram under annonsen.
At dei fekk Isak Røen tilbake frå Stavanger, er også eit stort pluss.
- Med Arne og Isak på laget kan me spela med litt høgare tempo. Me får rett og slett litt fleire strengar å spela på, seier trenaren.
Nøkkelkamp
Med seks kampar igjen å spela ligg Os nettopp på den magiske sjetteplassen. Skal laget halda på plasseringa må dei truleg vinna fire av dei seks siste. Det trur Arne dei vil klara.
- Me skal spela på oss godt med sjølvtillit. Me startar med å slå Gneist borte på søndag, så tek me kamp for kamp etter det, seier Arne.
- Etter Gneist-kampen er det kring ein månads kamp-pause for oss. Då rekk me å forhåpentlegvis å få Nils Andris Hamre og Trygve Lerch Dahl friske og speleklare til me skal til Sogn og Fjordane og spela i midten av mars, seier trenar Husebø.