Innsatsen var på topp då Sædalen Ørn møtte Os G11.
Innsatsen var på topp då Sædalen Ørn møtte Os G11.

750 unge fotballspelarar i sving

Mykje takk vere stor dugnadsinnsatsfrå foreldre og frivillige, vart Lysekloster Cup 2015 ein stor suksess. I år var det ikkje berre dei vaksne som var med på dugnaden.

72 lag med til saman 750 deltakarar var samla på Lysekloster i helga for å spela fotball i det fine veret. Jenter og gutar i aldersgruppa 7-12 år frå Os, Fusa og bergensområdet spelte i løpet av helga 220 kampar til saman. Arrangør Thomas Fiksdal er særs nøgd med korleis cupen har utarta seg.

- Det er eit bra organisert opplegg, takk vere alle frivillige som har med på å gjera dette mogleg. Det heile har vore ein stor dugnad. Ti frivillige har vore med på sjølve organiseringsbiten, i tilleg stiller velvillige foreldre og andre til sjølve avviklinga av arrangementet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fiksdal har sjølv vore engasjert som arrangør i fem år no, medan cupen har eksistert endå nokre år lengre. Han er opptatt av at det handlar om idrettsglede. Det viktigaste er at det skal vera kjekt for ungane. Blant anna har dei sett opp eit hoppeslott ved sida av banen, for at søskena til dei unge fotballspelarane også skal ha noko å gjera på.

Gode dommarar

Arrangørane har tenkt seg godt om når det kom til kven som skulle dømma kampane. Fredags kveld var det A-laget i Lysekloster som hadde styringa.

- Det er så utruleg bra for ungane at dei stiller og er med på sånne ting. Dei er rollemodellar for dei små, og då er det jo sjølvsagt ekstra stas at dei er med på dette.

Men det var ikkje berre vaksne som var med på den store dugnaden, på laurdag var det også nokon litt yngre dommarar ute på banen. Erik Xavier Fiksdal og Noah Våge Fosså var to av dei som var med og hjalp til med dømming.

- Korleis har de blitt dommarar?

- Vi måtte gå på dommarkurs i Os, fortel Erik.

- Det var eit ganske langt kurs, legg Noah til.

Dei er begge einige om at det er kjekt å dømma. Dei er eigentleg i aldersgruppa til deltakarane i cupen, men spelar for dei som er eitt år eldre, Lysekloster G13. Derfor fekk dei dømma laurdag.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Vi dømmer fire kampar kvar. Det er veldig kjekt, fortel dei.

Noko løn får dei ikkje akkurat for arbeidet, men dei fekk velja seg noko i kiosken som takk. På andre klubbkampar tener dei 100 kroner kvar kamp.

- Har de opplevd at foreldre på sidelinja har klaga på dårleg dømming?

- Nei, det plar å gå veldig fint. Ein gong kom det ein del reaksjonar frå linja, men det var ikkje på grunn av at eg dømde feil, men på grunn av stygt spel, fortel Noah.

- Følar de at dei yngre ser opp til dykk?

- Ja, kjem det fort frå Erik.

På fredagskveld fekk dei spela nokre kampar med laget sitt sjølv også, så dei har vore med som både spelarar og dommarar.