Pusterom i veka: Den uformelle praten, pusterommet og drøsen i kafeen på BJGK er blitt svært viktig for mange ukrainarar som er komne til Bjørnafjorden.

For fleire ukrainarar har fredagstreffet på Hauge blitt vekas store høgdepunkt

— Dette er pusterommet vårt. Dessutan lærer me meir norsk her enn nokon annan plass, fortel gjengen rundt bordet i kafeen på golfklubben.

Bjørnafjorden Golfklubb har vore langt framme i skorne når det kjem til å hjelpa vanskelegstilte i kommunen med å koma seg ut, saman og i aktivitet. Deira eige FORE-prosjekt vart starta i 2021 og har til no vore eit særs etterlengta og populært tilbod for pensjonistar, psykisk utviklingshemma, folk som slit med rus, skular og ikkje minst flyktningar.

Aron Arnesen vart ansvarleg for prosjektet i oktober. Osingen gler seg over kvar dag han er i lag med glade menneske som kjem seg ut og får høve til å vera i aktivitet.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Det er ikkje alle som er like godt stilte i samfunnet, og det at golfklubben kan gje gratis aktivitetstilbod til så mange, betyr svært mykje for dei som kjem her. Det er ein utruleg kjekk jobb, fortel Arnesen.

Golftreff for flyktningar: Tre blad Zinkevych — frå venstre Volodymyz, Nikolay og Sezhii.

Nybakt pappa

Fredagane er det ukrainske flyktningar som har fast treffdag. Ettersom vêret ikkje er all verda og me framleis er midtvinters, er det inne i golfsimulatoren det skjer. Alt inne i gangen høyrest høglydte rop på gebrokken norsk.

— Åh, det var drit. Pokker! lyder det etter at golfballen har sust mot duken i spel-simulatoren.

Det er ikkje vanskeleg å høyra at det er folk frå utlandet som roper, men det er slettes ikkje dårleg norsk heller, sett ut ifrå den korte tida desse menneska har budd i landet.

— Dei fleste av oss kom hit i fjor vinter. Me nærmar oss eitt år, seier Volodymyz Zinkevych.

Denne fredagen spelar han med pappa Nikolay (62) og broren Sezhii (30).

— Du må gratulera Volodymyz. Han vart pappa til ein liten gut no i veka, smiler veslebror Sezhii.

— Wow, gratulerer så mykje!

Artikkelen held fram under annonsen.

— Tusen takk. Det er heilt fantastisk. Veit du, alle i familien min er fødd på den 10. i ein månad. Eg, broren min, pappa og fleire andre, og no kom også vesle Timoteus 10. januar. Det må vera lukketalet vårt, gliser 36-åringen.

Siste slag: Valentyna slår sitt siste slag under fredagens økt.

25 på julebord

Denne fredagen er dei berre seks. Det synest gjengen var litt synd.

— Me bruker å vera opp mot 20. Det hadde vore kjekt å vist breidda betre, seier Zienkevych-trioen.

Prosjektleiar Arnesen utdjupar:

— Me har vore veldig mange fleire tidlegare, men no er det nyttår og mange har litt anna å styra med. I desember hadde me eit supert julebord med 25 til bords. Då vart det servert ukrainsk og norsk julemat. Det var utruleg kjekt, fortel Arnesen.

På den andre simulatoren er det tre jenter som spelar; Vaentyna Zhylkina (46), Mycoslava Gorodna (36) og Myloslava Samofal (26). Også denne trioen har vore med lenge.

— Eg veit ikkje kor gode me er blitt i golf, men me har det i alle fall utruleg kjekt, seier Valentyna.

— Det er supert å ha eit fast gjeremål i kvardagen. Fredagen veit me at me skal noko konkret. Heime i Ukraina var me travle kvar dag. Då me kom til Noreg, vart det heilt stilt. Me vart sitjande og venta og visste ikkje kva me skulle gjera. Det var ein stor og tøff overgang, seier yngstejenta Myloslova.

Artikkelen held fram under annonsen.

Møtest fast: Fredag var dei seks. På det meste er dei opp mot 20 ukrainarar som møtest fast på BJGK.

Perfekt norsktrening

Difor er dei alle samde om at møteplassen ved BJGK betyr så uendeleg mykje meir enn berre det å kunna spela golf.

— Dette er blitt ein fristad, eit pusterom i kvardagen, smiler jentetrioen.

— Det er meditasjon, legg Myloslava til.

Etter å ha slått i halvannan time er det tid for ein kaffitår i kafeen. Ikkje reint sjeldan bruker dei like lang tid her som med golfen.

— Det er så kjekt å treffast. Nokon gonger startar me her og blir sitjande lenge før me kjem i gang. Me har så mykje å snakka om, fortel Arnesen.

Rundt bordet er dei kjappe med å gjengjelda skrytet.

— Aron er suveren. Han er så kjekk å prata med. Me pratar om alt, seier Mycoslava.

— Ja, dette er den beste norsktreninga me kan få. Me har lært meir her på dei tre siste månadene enn nokon annan plass, legg Myloslava til.

Artikkelen held fram under annonsen.

— De går alle på norskkurs. Likevel føler de at de lærer meir her?

— Ja, det er faktisk slik. Men det er litt fordi me er flinke sjølve også. Når me er her, snakkar me berre norsk med kvarandre. Dermed må me leita etter ord, hjelpa kvarandre eller få hjelp av Aron.

Medan me sit og pratar kjem også klubbens daglege leiar, Bjarte Wiberg, til bordet. Han kan ikkje få fullrost ukrainarane for haldninga deira.

— Med den bagasjen dei har og likevel vera så livsoptimistiske; det er fantastisk og noko me alle kan læra litt av, smiler Wiberg.

Fokuserer berre på notida

Men med krigen som bakteppe, må me neste spørja dei kva dei tenkjer om framtida.

— Me er alle veldig flinke til å tenkja på i dag, i morgon, neste veke, kanskje ein månad fram, men lengre enn det fokuserer me ikkje på. Det er berre sånn det må vera, seier Volodymyz.

— Me ville blitt mentalt nedkøyrde om me skulle tenkja lengre fram. Det går berre ikkje. «Morgondagen» langt der framme veit me ingenting om.

— Så det å koma heim att til Ukraina er ikkje det de snakkar mest om?

Artikkelen held fram under annonsen.

— Nei, det prøver me å halda på avstand. Men draumen lever sjølvsagt.

— Kva er hovudfokuset i livet vel eitt år etter at de kom hit?

— Me vil bli gode i norsk. Me har mykje ressursar og kunnskap, men for å kunne konkurrera på den norske jobbmarknaden, må me meistra språket, seier Myloslava.

— Då er de på god veg!

— Det var skryt. Det må de ta til dykk.

— Åh, 'skryt', det har eg høyrd. Det er sånn bra, tommelen opp, ikkje sant, ler Mycoslava.

— Ja, nettopp, tommelen opp og applaus.