Episode 4: Zwei Currywürste und einen Glühwein, bitte!
Duoen i «Ein smak av bygda» fekk testa både smakslaukane og språkferdigheitene sine på ei kulinarisk danningsreise gjennom Berlin.
Sjå video frå smakslaukane si matreise gjennom Berlin. Alle episodane i serien ligg nedst i saka!
Kebab med eit stort kål-forbruk
Rull terning — Regine
Artikkelen held fram under annonsen.
Fyrst ut på menyen var ein stor og saftig rullekebab, attmed det kjende politiske symbolet — Berlinmuren. Med litt haltande tyskkunnskapar, klarte smakslaukane å få bestilt kvar sin rullekebab.
I kjend stil gjekk eg for den mildaste varianten på menyen. Forventningane var skyhøge, ettersom dei blide, tyske kebabkokkane hadde lova det beste kebabkjøtet i byen.
Saman med store mengder kjøt, kvitlauksdressing og diverse grønsaker, levde kebaben opp til forventningane.
Dette var eit salt og sausete måltid, og kokkane laug ikkje om at kjøtet var saftig og smakfullt. Eg er freista til å påstå at dette er den beste kebaben eg har hatt så langt i mitt 22 år korte liv.
Terningkast: 6
Rull terning — Benjamin
Eg elskar kebab! For ein som plar presisera for Capri at dei må roa seg ned med kål/salatbruken i kebaben, var det vel mykje grønt i denne, men det funka likevel!
Truleg fordi det var ulike variantar av kål og grønt, og ikkje berre tre og ein halv kinakål.
Artikkelen held fram under annonsen.
Dagen-der-på-maten blei løfta av godt kjøt, og både sterk saus og kvitlauksdressing på.
Terningskast: 5
Tyskland sin nasjonalskatt — Currywurst
Rull terning — Regine
Smakslaukane kunne ikkje ta turen til Berlin utan å smaka på kulturskatten Currywurst. Ei slapp og kvit pølse dynka i store mengder ketsjup og karrikrydder.
Matretten såg ikkje veldig appetittleg ut, då ein ikkje kunne skimte pølsa under det røde ketsjuphavet. Augene kan bedra, men i dette tilfellet fekk ein nøyaktig det ein såg.
For å oppsummera,m smakte kulturskatten som ei vassen pølse servert i noko trolldeig, overdøyvd av ketsjup med eit hint av grillkrydder. Ikkje ein favoritt.
Terningkast: 2
Rull terning — Benjamin
Artikkelen held fram under annonsen.
Dette var vel den "wurste" retten på Berlinturen...
Vel var vi nok prega av at det var ei lang natt dagen før, men ei pølse i vassen deig, dynka i ketchupsuppesaus med ein god porsjon karri attåt — nei, takk.
Terningkast: 2
Få smaken av brannskader med litt Glühwein
Rull terning — Benjamin
Smaken var like imponerande som mitt forsøk på å bestilla på tysk. Ho bak disken hadde nok mest lyst til å spytta meg i fjeset, på same måte som eg helst ville spytta ut den kokte vinen vi fekk i pappkruset.
For det smakte kokt, glovarm raudvin. Som Regine sa; den var betre kald.
Terningkast: 2
Rull terning — Regine
Artikkelen held fram under annonsen.
Med usle fem euro i lomma hadde smakslaukane berre råd til ein trist, liten pappkopp med Glühwein. Skal du på julemarknad i Berlin må du rekna med å fylla opp lommene med kontantar. Ingen av matbuene hadde, sjokkerande nok, verken kortterminal eller Vipps.
Det var like greit at vi berre hadde råd til ein liten kopp med overoppheta raudvin. Alle smakslaukane brann bort i det eg tok fyrste sup av vinen.
Dette var ei vond smaksoppleving som eg ikkje unnar min verste fiende. Når det er sagt, smakte vinen i seg sjølv ganske godt tre timar seinare. Fyrst då vart drikken lunken og god.
Terningkast: 3
Frityrsteikt søtsak
Rull terning — Benjamin
Muy bueno, bueno, som dei seier i Tyskland.
Søtsaker som er frityrsteikte for så å verta dynka i bueno-sjokolade, blir jo berre aldri feil. Deilig varm dessert på julemarknad, i frisk bris og rolege minusgrader.
Terningkast: 4
Artikkelen held fram under annonsen.
Rull terning — Regine
Enkel, søt og litt vel mykje feitt. Det er vel ein godkjend donut det. Med store mengder bueno-sjokolade var denne desserten litt for søt for mine smakslaukar. Ein god, men litt kvalmande dessert.
Terningkast: 3
Ein smak av bygda:
Episode 1: Søftelandsbollen vs Strandvikbollo
Episode 2: Tacokjøttkaker hos Isabell
Episode 3: Smutsige gardspiker hos Aleksander