Vil du ha hull i hodet eller kne - eller et annet sted...
Oseana torsdag 8. desember: Kva skal det vera? Ei hengebru eller flytebru? Side- eller endeforankra, spør Geir Magne J. Moberg i dette lesarbrevet.
LESARBREV: Tunell i fjell, eller via ein annan parsell? Vi kan skaffa deg det du vil - når vil du ha det? Vil du ha endeforankra kan du få ho i morgon, om du vil ha sideforankra er det litt leveringstid. Ikkje tenk på det estetiske, det tar me oss av. Me garanterer fritt leide både i nord og sør, men kor henne ho kjem inn - ikkje spør.
Bru og bagatellar
Som tatt ut av eit eller anna folkeeventyr, vifta Statens Vegvesen sin representantar med sine vyar for framtida til Os. Dei kunne godt forstå at me som budde her, og spesielt dei som budde i Søre Øyane, var uroa over kva som skulle skje. Signe Eikenes fortalte med si godslege dialekt, at ho hadde stor forståing for dette, men at ho skulle garantera at dei skulle gjera alt for at dette vart så bra som mogleg.
Artikkelen held fram under annonsen.
I ein liten augneblink følte eg meg faktisk roleg og avslappa, ja, nærmast bedøvd. På fremste rad i kulturstova vår, sat eg med verdas beste utsikt til verdas flottaste og lengste bru av eit eller anna slag. Der oppe på lerretet snodde den seg på blått hav før den stupte ned i noko grønt og vakkert på den andre sida. Det var ikkje lett å sjå kva som var der borte, men brua stoppa i alle fall.
På podiet stod ordføraren vår ulasteleg kledd slik han som oftast gjer. Veltalande med stoisk ro veksla han og Signe erfaringar og små bagatellar seg i mellom, som dei ikkje hadde gjort anna. Dei humra og lo og gledde seg over at no var dei komne så langt som til dette stadiet. Snart skulle all motstand vera gløymt, og den vakre dagen med snorklipping, hornmusikk og svulstige talar nærma seg med stormskritt.
Her stoppa det opp...
Ordet gjekk til den ansvarlege personen for heile brua. Ein mann eg ikkje hugsar namnet på, men som eg sit med ei kjensle av at eg vil vita namnet på i framtida.
Han forklarte med kyndig autoritet kva dei hadde i tankane. Alt var teke omsyn til. Her var det tenkt på ras, vindstyrkar, straumar, båtkollisjonar og eg veit ikkje kva. Han viste teikningar med detaljar heilt ned til armeringsnivå og profilar på dei ymse brukarar.
Spent sat me der, og venta på det mange av oss var komne for: Kvar skulle brua koma inn? Korleis skulle det gå føre seg? Ville me få ei fylling ut på Fluo, eller hol i ein holme, og korleis ville dei få anleggsmaskinene, massane og folk ut og inn? Dette var trass alt dette kommunedelplanen det handla om, og sjølvsagt var dette viktig.
Her stoppa det opp. Ingen hadde tenkt så langt enno, til trass for tre forskjellige bru-typar, hadde dei ikkje tenkt å visa tre forskjellige landingar. Det var for tidleg nok ein gong. Slik det var for fire år sidan i Søre Øyane då same Eikenes var på jakt etter fluer, grunner, holmar og skjær.
Síl vous plait-assosiasjonar
Eg er ikkje roleg lenger der eg sit. Eg skjønar at det nærmaste me kjem sanninga i dag, er perspektivet av landingspunktet frå Reksteren si side, dukkande ned i noko grønt og vakkert.
Snikande inn i hovudet mitt kjem teksten frå deLillos: «De kan få velge selv hvor det skal skje. Vil du ha hull i hodet eller kne, eller et annet sted, m'sieu s'il vous plait.»
Artikkelen held fram under annonsen.