Vil bli best i klassen
Zeynep Alieva og Seydin Krasimirov eig og driv Os vaskehjelp. - Vi har fått fleire tilbod om å jobba svart, men takkar alltid nei, seier ekteparet.
Anne Marie Aarøen Vangsnes
anne-marie@osogfusa.no
Artikkelen held fram under annonsen.
Gründarane bak firmaet Os vaskehjelp starta firmaet i oktober i fjor. I tillegg til å vaska huset til Åse Vaksinen Sælensminde, har dei eit tjuetals andre private vaskeoppdrag. På toppen kjem enkelte bedriftskundar.
- Men vi er stadig på jakt etter fleire kundar. Vi tenar meir på å vaska for butikkar og kontor, seier Zeynep.
Sjølv om dei kanskje ville ha tent meir på å tilby svarte vasketenester, har paret bestemt seg for at firmaet skal drivast på skikkeleg vis.
- Det er fleire som har spurt om ikkje vi kan jobba svart for dei slik at dei slepp å betala moms. Men det vil vi ikkje, seier dei.
Det opphavleg bulgarske paret kom begge til Noreg saman med foreldra sine. I Os har dei budd sidan 2007.
Best i klassen
- Vårt mål er å bli best i klassen på dette området. Førebels tener vi ikkje så mykje pengar, men slik er det når ein startar eige firma, seier han.
Seydin har reinhaldarkurs og er eksperten i firmaet. Ho finn fram støvkluten og går laus på skapdører og hyller. Zeynep støvsuger teppe og sofaputer. I tillegg til dei to, har firmaet tre vikarar som jobbar deltid. Difor vert også firmaet snart omgjort til eit AS.
- Det tek mellom to og tre timar å vaska her hos Åse, fortel dei.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Men andre stader kan det ta meir tid. I nokre hus gjer vi alt frå å rydda til å skifta sengkle, seier Zeynep.
Alle typar folk
I fylgje Zeynep er det alle typar folk i Os som kjøper vaskehjelp.
- Det er både pensjonistar og småbornsforeldre. Men dei har nok det til felles at økonomien er god. Det er ikkje alle som har råd til dette, meiner Seydin.
Det unge paret på 25 og 23 år arbeider lange dagar med tungt fysisk arbeid og har sjølv tre små born heime.
- Hadde det ikkje vore deilig med vaskehjelp?
- Jau, vi er slitne når vi kjem etter arbeid, men vi har ikkje råd til å la andre vaska heime hos oss, smiler dei.