Hjalmar Moberg trivst godt med å gå i kofte og posebukser frå vikingtida. 21-åringen håpar osingar og andre kan respektera han for den han er og ikkje sjå rart på han sjølv om han kler seg noko annleis.
Hjalmar Moberg trivst godt med å gå i kofte og posebukser frå vikingtida. 21-åringen håpar osingar og andre kan respektera han for den han er og ikkje sjå rart på han sjølv om han kler seg noko annleis.

Viking-guten Hjalmar: – Lat meg få vera den eg er

Hjalmar Moberg er oppslukt av viking-tida og kler seg deretter.

Du har sikkert sett han på busshaldeplassen i Os, på Øyro eller på veg til eller frå Os Idrettshall. Den tidelgare HU-spelaren til Os Turn, Hjalmar Moberg, er lett å leggja merke til der han kjem i kofte og store posebukser. Kvifor kler han seg nett slik, tenkjer du kanskje. Her skal du få svaret.

Ber om respekt

Ein del merksemd må han nok rekna med når han går i viking-kleda sine i det offentlege rom, men nokon gonger føler Hjalmar at merksemda vert brysam og intens.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er ubehageleg når folk står og stirrar på deg når du ventar på bussen. Det synest eg folk kan halda seg for gode til, seier Hjalmar.

For ei vekes tid tilbake var han også ute på Facebook-sida si og skreiv nokre ord om dette.

– Eg var litt følsom den dagen og berre måtte få det ut. Eg skreiv at eg var lei av stirringa. Eg meinte ikkje å vera sint, men ville oppmoda folk om å lata meg få vera den eg er, og respektera meg slik eg ser ut, seier 21-åringen.

– Sjølv har eg stor respekt for at folk er forskjellege og har ulike klesstilar. understrekar Hjalmar.

– Men du skjønar at folk blir litt nysgjerrige når du kler deg i klede frå 1.000 år tilbake i tid?

– Hehe, jaudå, men dei treng ikkje å sjå rart på meg og himla med augo. Det går jo an å smila og helsa til dømes, smiler Hjalmar.

Fascinert av vikingtida

På Facebook går han under namnet Konungr Hjalmar eller Hjalmar Einherjar Moberg. Begge namna tydar på stor interesse for vikingtida.

– Eg er interessert i perioden me kallar for tidleg middelaldar – altså frå år 600 til om lag 1.000.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Korleis oppstod interessa?

– Eg var på vikingmarknad med Askøy Vikinglag for tre år sidan. Der møtte eg Hærkamp-gjengen i «Alenfit». Det dei heldt på med fascinerte meg veldig, fortel Hjalmar.

Alt på første møte fekk han vera med og prøva seg i kamp.

– Det var kjempemoro. Me slåst med sverd og skjold på urgamalt vis. Det fengja meg veldig, fortel 21-åringen.

Sidan den gong har han vore på 1-2 treff med «Alenfit»-gjengen i veka. I tillegg trenar han med «Kongshirden 1260».

– Dei har faste treningar på festninga i Bergen, både inne i og utanfor Rosenkrantztårnet. Med dei trenar eg 2-3 gonger i veka.

Også heime i Os har Hjalmar gjort sitt for å fremja kampsporten frå vikingtida. For ei tid tilbake starta han klubben «Magnarok», etter sitt tidlegare namn Magnar.

– Har du blitt så opphengt i viking-hobbyen din no at du knapt har tid til å vera med HU-laget?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ja, eg har teke ein pause frå handballen no. Eg saknar gjengen, men nett for tida synest eg det er meir action å driva med hærkamp-trening.

Skifta namn

Hjalmar bur i bufellesskap på Moberg. Heime på rommet har han ei rekkje klede og viking-effektar som han kler seg i og trenar med. Ofte går han med vikingkler til dagen.

– Ja, eg likar å gå i desse kleda fordi dei er tradisjonsklede som eg synest er stilige. Dessutan er det ofte eg har dei på meg fordi eg er på veg til eller frå trening, seier Hjalmar.

I fjor sommar skifta osingen namn, heilt på ordentleg.

– Eg skifta frå Magnar til Hjalmar. Magnar tyder maktkrigar, og det synest eg var litt hardt. Hjalmar tydar hjelmkrigar som ivaretek dei han er glad i. Det passa meg betre, seier Hjalmar.

«The Vikings» er best

Til slutt må me spørja den viking-interesserte det opplagte spørsmålet.

– Ser du på viking-seriar på TV?

– Klart.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Kva serie synest du er best?

– «The Vikings», så klart. «Game of Thrones» er bra den også, men på langt nær så bra som «The Vikings», smiler Hjalmer.

kenneth.svenningsen@osogfusa.no