Verdiskaping - heime, lokalt og sentralt
Vi kjenner alle, til tider, på dei mange oppgåvene og krava samfunnet stiller til oss som enkeltmenneske, familiemedlem, skuleelev, arbeidstakar, arbeidsgjevar og sammfunnsborgar, skriv Arve Samnøy.
Menneskeleg verdiskaping skjer først og fremst i heimen, sosial verdiskaping skjer lokalt og samfunnsmessig verdiskaping er ofte styrt sentralt.
Folk i Fusa er gode på verdiskaping. Lokalt har vi høg aktivitet og stor iver bl.a. innan kultur og idrett. Gjennom tett samarbeid med dei mange lag og organisasjonar ein har i Fusa samt Fusa Idrettsråd og Kulturskulen, ønskjer Fusa Høgre ved gode rammevilkår, å videreutvikla denne lokale verdiskapinga.
Artikkelen held fram under annonsen.
Verdiskaping lokalt meiner vi gjev grobotn for vekst- og vidareutvikling av lokalsamfunnet forøvrig. Fusa treng vekst ved ny næringsetablering, tilflytting og folketalsauke!
Ja, Fusa ér «Midt i Blinken», og dette skal vi i Fusa Høgre dei neste fire åra bidra til - og visa alle rundt oss at vi framleis er - og kan tilby våre innbyggjarar;
- Lokalskule som leverer kvalitet
- Gode og trygge helse- og omsorgstenester
- Areal til bustadbygging og næringsutvikling
- Nyetablering av kompetanseverksemder
Med ønske om eit godt val!
Arve Samnøy
Artikkelen held fram under annonsen.
3. kandidat
Fusa Høgre