Kristian Danielsen Bakke, Maria Hesthamar, Victor Birkeland, Andrea Holmefjord Paulsen, Thomas Kvalvaag, Lilli-Davida Vedholm Flaterås og Alexandra Hufthammar. Juni Vågen-Mongstad og Agnes Titlestad Røttingenvar borte denne dagen.
Kristian Danielsen Bakke, Maria Hesthamar, Victor Birkeland, Andrea Holmefjord Paulsen, Thomas Kvalvaag, Lilli-Davida Vedholm Flaterås og Alexandra Hufthammar. Juni Vågen-Mongstad og Agnes Titlestad Røttingenvar borte denne dagen.

Ventar på ny elev

Fyrste klasse på Søre Øyane barneskule skal snart få ein ny elev. - Då skal vi vera høflege og snille, forklarer dei.

Den nye eleven heiter Jakob og kjem frå Polen. Enno har dei ikkje møtt han.

- Men vi skal spela fotball og leika med han, seier nokre av gutane.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dermed kan vi slå fast at Jakob vil få ein varm velkomst i fyrste klasse ved Søre Øyane barneskule.

- Dei er grådig ivrige på å lesa og skriva. Dessutan er dei flinke til å syngja og spreke til å gå på tur, seier stolt kontaktlærar Linda Sundøy Askvik.

Betre enn dei vaksne

Linnea kan fortelja at dei har lært 12 bokstavar hittil i haust. Og at dei har lært å rekna med talet fire.

- I neste veke skal vi i gang med 5-talet, slår Viktor fast.

Lærar Linda rynkar litt på nasen.

- Nei, vi skal vel ikkje det, seier ho spørjande.

- Jau, det skal vi, seier Viktor.

- Er det du eller eg som er lærar, ler Linda. Viktor ler også.

Artikkelen held fram under annonsen.

Medelev Kristian kan fortelja at han ikkje berre har vore i avisa før. Han har til og med vore på NRK saman med nokre kompisar.

- Eg har spelt fotball på Kuventræ, fortel Thomas og får eit ras av respons frå dei andre elevane. Alle spelar visst fotball her.

- Betyr det at de hadde slått dei vaksne her på skulen i ein fotballkamp?

- Ja!, ropar dei unisont.