Venerike førsteklassingar på Lunde
Dei har det meir enn noko Lunde greitt førsteklassingane ved Lunde barneskule. Best av alt liker dei sine nye vener.
Totalt 43 nye elevar starta skulelivet sitt på Lunde barneskule denne hausten. Gjengen er delt i to klassar - ein på 22 og ein på 21 elevar.
I klasse 1A er det Hege Isdahl som har ansvaret. Klassestyraren er veldig nøgd med dei ferske elevane.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Dei er ein glad og lystig gjeng, som også er flinke til å læra. Til no har dei lært heile 15 bokstavar, fortel Isdahl og viser dei nemnde bokstavane som er klistra på den eine sideveggen i klasserommet.
- Dessutan har me byrja å øva til adventsstunda vår. Då skal me gå i Saint Lucia-tog og syngja, fortel ein ung kar på førsterekkja.
- Ja, det er fredag 11. desember. Det gler dei seg veldig til, supplerer lærar Isdahl.
Tolmodige og flinke
Då «Os og Fusaposten» kom på vitjing på onsdag, sat dei 22 elevane i 1A og teikna.
- Me har venta og venta på å bli tekne bilete av, så no måtte me berre aktivisera dei litt til du kom, ler klassestyrar Isdahl.
Etter ein kort prat finn me ein perfekt plass til å "lina" gjengen opp i tre flotte rekkjer.
- No nyttar me oppstillings-rekkjene våre, så går dette raskt og greitt, seier Isdahl.
Etter litt hjelp av fagarbeidar Gunnbjørg Sælen er samtlege 22 elevar klare for å visa alt dei har av melketenner, eller dei som nett var der.
Artikkelen held fram under annonsen.
Klassebiletplass
Klassestyrar for 1B, Ann Elisabeth Husa, nytta høvet til å stikka innom. Då ho såg kor fint parallellklassen stod oppstilt, nytta ho høvet til å booka den flotte klassebiletplassen for sine eigne elevar.
- Me har ikkje slike benker. Då er det like greitt at me tek det her me også, seier Husa.
Gjengen som deretter entra klasserommet var minst like flinke til å posera som klassevenene i 1A. Faktisk må me gje dei litt ekstra skryt for særdeles velartikulerte "cheese"-lydar og smil.
Til gjenngjeld var A-klassen fantastisk flinke til berre å sjå på og vera stille medan parallellklassen vart foreviga.
Venerike
Etter fotograferinga fekk lokalavisa prata litt med B-klassen i deira eige klasserom. Også dei hadde lært seg 15 bokstavar, og i matematikken hadde dei byrja å rekna.
- Me har lært litt om tiar-vener og slikt. Det er ein lærevillig gjeng, men dei er også glade i å prata, smiler lærar Husa.
Til dagen husar ho 20 elevar. Ein elev var dessverre borte då lokalavisa var på besøk.
Frida Marie Johnsen er ny i klassen, men i dag er ho sjuk, fortel Huse.
Artikkelen held fram under annonsen.
Deretter er det tid for å visa handsopprekking-trikset.
- Kva har vore mest morosamt med å byrja på skulen?
- Aaa
- Hmmmm
- Meg, meg
- Jiee..
Samtlege klarer kunsten å lata vera å prata før dei vert spurt, men det er lett å sjå at det kostar. Ei jente på ved vindauget boblar nærast over etter å få koma til ordet.
- Ja, eg har fått vener både i klassen og i andre klassar. Me har kjempemange vener, smiler jenta.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Eg også. Eg er vener med Markus og ein haug til, fortel ein ung gut bak i klasserommet.
- Eg har nær dobbelt så mange vener som eg hadde då eg gjekk i barnehagen, seier ei annan.
- Ja, og så er me gode vener her i klassen alle samen, legg ei annan til.
- Er de gode vener alle saman?
- Jaaa.