Velkomen til Bygg og anlegg, Aron
Sidan han fekk sin første hammar som treåring har Aron Oen visst at han skulle bli tømrar. Onsdag helste han på sin komande lærar, Kenneth Rønnestad.
I overkant av 40 elevar frå Nore Neset vidaregåande skule var onsdag på vitjing på Os vidaregåande skule. Mange vurderer å starta på skulen til hausten. For Aron Oen er det ikkje ein gong eit spørsmål.
- Eg har visst det heile livet. Eg elskar å snikra, hamra og byggja ting, og er heldig som har ein skule med Bygg og anlegg-linje like ved der eg bur. Det er klart eg skal gå på Os vidaregåande skule, ler 15-åringen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Med ein far som sjølv er yrkesfag-lærar var det kanskje ikkje anna å venta.
- Jo, eg er nok litt påverka av han når eg vel eit handtverkaryrke, men han driv med mekaniske fag. Sjølv har eg alltid vore mest fasinert av det å jobba med trevirke og hammar og spikar, smiler Aron.
Breid plattform
Me har slått følgje med gjengen som skal få info om Bygg og anleggslinja ved skulen. Lærar Kenneth Rønnestad fører an.
Ei kjapp handsopprekning viser at nær 80 prosent av gjengen ser for seg å byrja på lina.
- Det stemmer litt med det intrykket me har frå før. Bygg og anlegg er i ferd med å bli meir og meir populært, seier Rønnestad.
Han tek gjengen med til rubbhallen, der VG1-gjengen held på å snikra.
- Her gjer me unna ein del praktisk arbeid og undervisning, når me ikkje har oppdrag utanfor skulen, fortel Rønnestad.
Han har vore lærar ved skulen i 22 år. Han meiner det har vore ein revolusjonær utvikling.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Då eg starta her i 1994, hadde me eit par skrumaskinar. I dag har me all verdas utstyr og får rikeleg med høve til å gje ungdomen ei breid og solid innføring i yrke innanfor bygg- og anleggsbransjen, seier han.
Aktiv kvardag
Aron Oen og gutane frå Nore Neset ser ut til å lika det dei høyrer. Ådne Eide er til liks med Aron rimeleg sikker på at det må bli noko innan bygg og anlegg.
- Eg er skulelei og gler meg til å koma i gang med å gjera noko praktisk med hendene. Det må bli dette, eller elektro, seier han.
I rubbhallen treffer me også Dani Bårdtvedt. Han er litt over halveges i sitt første år på linja.
- Dette her kan eg tilrå. Me har det moro og får gjera mykje arbeid, som me kjapt ser resultat av. Eg er veldig godt nøgd med valet eg har tatt. Me har ein aktiv kvardag, der me får brukt både musklar og hovudet. Det liker eg veldig godt, seier 16-åringen.
På sikt vil han bli byggmeister, og kanskje byggja sitt eige hus.
Stort innrykk
Det er andre året på rad at Os vidaregåande skule i stor skala inviterer ungdomsskuleelevar frå heile Bjørnefjordregionen på besøk før søknadene for plass ved vidaregåande skular skal vera utfylte (1. mars).
Rektor Johan Henrik Lassen meiner det er eit fint og viktig tilbod.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Komande elevar må få danna seg sitt eige inntrykk av korleis me har det her. Dei som kjem her denne veka får besøka to grunnfags-linjer og får også generell informasjon om skulen av rådgjevarane våre Olav Tveiten og Ingrid Lund Eide, seier rektor Lassen.
Blant dei mange elevane som er innom skulen denne veka verkar det som Bygg og anlegg og HO-linja (Helse og oppvekst) er dei mest populære.
- Det tek eg som eit signal på at ungdom i dag er medvitne på at dette er utdanning som gjev gode utsikter for jobb. Innan bygg og anlegg skjer det svært mykje i områda dei komande åra. Då tenkjer eg på Hordfast med E39, Lyseparken og stor tilflytting i kommunen. Når det gjeld helse og omsorg er det stadig større etterspurnad etter arbeidskraft, seier Lassen.
Levelege inntakskrav
Ved Os vidaregåande skule er det per dags dato kring 480 elevar. Skulen er stor.
- Me har ein skule med undervisning i fem enkeltståande bygg, i tillegg til rubbhall. Det er klart me har stor kapasitet og kan ta imot mange nye elevar til hausten, seier elevinspektør Ann Haugland.
Elevane har fem hovudlinjer dei kan velja mellom dersom dei vil gå på Os vidaregåande skule til hausten: Bygg og anlegg, HO (Helse og oppvekst), Sal og service, TIP (Teknikk og industriell produksjon) og Elektrofag.
- Alle linjene våre har overkomelege inngangskrav. Dersom ein har over 3 i snitt frå ungdomskulen, ligg ein bra an til å få studieplass ved ein av linjene våre til hausten, seier rektor Lassen.
Han legg til at dette berre er anslagsvis, og at det sjølvsagt kjem an på den totale søknadsmassen.