Velfungerande og sprek fritidsordning
Dei blir godt tekne i vare dei 17 borna på fotballfritidsordninga på Nore Neset, og leksene vert like høgt prioriterte som fotballen.
Dei starta opp med 23 born i desember. I dag er 17 framleis med, og møter trufast opp etter skulen kvar tysdag og torsdag.
- Me hadde nokre jenter med i starten, og skulle gjerne hatt dei med vidare, men jenter er litt sånn at dersom ei sluttar, så gjer gjerne dei andre det også. Me håpar verkeleg me kan få med andre jenter som vil prøva seg. Det er så absolutt ikkje meint å vera noko rein gutegreie dette her, seier initiativtakar og administrativ ansvarleg, Rune Fjellberg.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ein annan ting han ønskjer å slå fast er at FFO-en heller ikkje er ei samling for fotball-eliten i krinsen.
- Her er alle velkomne. Fotballen er ein del av desse ettermiddagane, men ein treng ikkje vera spesielt talentfull for å byrja her. Til no har me faktisk opplevd at dei som stod noko tilbake i starten, er dei som har utvikla seg mest, seier Fjellberg.
"Heimekoseleg"
Dei har funne si form. FFO-en verkar å vera godt organisert og velfungerande. Borna vert godt ivaretekne, og det er nærast ei slags "heimekoseleg" stemning over det heile.
Samarbeidet med Nore Neset Aktivitetshus er noko av nøkkelen til det.
- Det har vore ei god løysing å ha matserveringa i kafeen i aktivitetshuset. Her kjem elevane ferdig skifta til flott lunsjbord servert av Anne Rødberg, fortel Fjellberg.
Anne kallar seg sjølv for husmor.
- Å laga og servera mat til så greie og sjarmerande born er utruleg kjekt. Eg stortrivst, seier Rødberg.
I samarbeid med Rune Fjellberg har ho sett saman ein sunn lunsj-meny.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Me har fokus på sunt og godt kosthald, og takk vere Annes gode bakekunstar får dei heimelaga brød nesten kvar gong, fortel Fjellberg.
Lekser og konkurranse
Etter maten forflyttar gjengen seg til loftsetasjen der Nore Neset IL har kontorlokalet sitt.
- No er det tid for lekser. Me har heldigvis ikkje så mykje. Lærar Tore (Matre) er grei sånn, smiler fetrane Magnus Spanglo Haga og Vebjørn Fykse Haga.
Andre har gjor det meste på skulen og set seg til for å spela kort.
- Me tvingar ingen til å gjera lekser, men me har sett av tid til det, og hjelper til så godt me kan, seier Fjellberg.
Etter leksene inviterer han til fotball-quiz.
- I dag har eg laga til nokre spørsmål om kjente lag og vel så kjente spelarar. Elles har me gåande ein konkurranse der kvar enkelt kan tippa kva fire lag som går til semifinalen i Champions League, og deretter dei to som går heilt til finalen, fortel Fjellberg.
Fokus og forståing
Så byrjar det å nærma seg fotballøkta, men først må gjengen innom garderoben og prata med sportsleg ansvarleg, Martin Eidsvik, om fokus og dagens økt.
Artikkelen held fram under annonsen.
- No har me jobba med basis-trening i eit par månader og har byrja å setja fokus på speleforståing. Kva er det me trenar på då, spør Eidsvik gjengen.
- Då tenkjer me på å vita kvar me skal plassera oss på banen, og at me skal vera flinke til å snu spelet når det byrjar å bli trongt på den eine sida, føreslår ein oppvakt kar.
- Ja, det er heilt rett. Kva hjelper oss å utvisa god fotballforståing?
- At me har fokus. At me følgjer med på kvar medspelarane er og at me kommuniserer, svarer ein annan.
- Nettopp. Difor skal me alltid prata mykje. Både på trening og når me spelar kamp med laget vårt. Kommunikasjon er til hjelp for alle, slår Eidsvik fast.
Ivrig gjeng
Martin Eidsvik er for mange kjent som Lysekloster-spelar. Øyane-guten er glad for å ha fått jobben som sportsleg ansvarleg for FFO-en på Nore Neset.
- Eg er i ferd med å fullføra utdanninga som lærar og er naturleg glad i å formidla kunnskap, enten det gjeld teoretiske skulefag, eller fotballfaglege tema. Og det å jobba med så ivrige og greie born som her på Nore Neset, gjer det heile ekstra kjekt, skryter Eidsvik.
Fjellberg, som sjølv er trenar for eit av dei aldersbestemte laga på Nore Neset, er strålande nøgd med unge Eidsvik.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Martin er perfekt for denne jobben. Han er utruleg flink med borna, har god formidlingsevne og mykje kunnskap om trening og kosthald. Dessutan er han ein humørspreiar og eit godt førebilete for borna. Jaudå, me var heldige som fekk hanka inn Martin, smiler Fjellberg.