Espen Borgen og Kjersti Lien var godt nøgd med besøket og demonstrasjonane under open brannstasjon på Moberg laurdag føremiddag.
Espen Borgen og Kjersti Lien var godt nøgd med besøket og demonstrasjonane under open brannstasjon på Moberg laurdag føremiddag.

Vel blåst open dag-debut

brannmann Espen Borgen bestod open dag-testen med glans ifølgje team-leiar Kjersti Lien.

Trass i fleire andre arrangement i Os laurdag føremiddag var det eit jamt sig med besøkande på open brannstasjon-dag på Moberg. For unge Espen Moberg var det første gong han fekk vera med å ta imot born og unge og forklara dei om stasjonen, brannbilane og arbeidet dei har til dagen.

– Det var veldig kjekt. Eg følte eg klarte å svara på dei fleste spørsmåla, seier osingen smålåtent.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Å jaudå, Espen var kjempeflink. Både med borna og til å visa dei rundt og demonstrera, skryt team-leiar Kjersti Lien.

Ho er berre sååå godt nøgd med sin relativt ferske kollega.

– Espen er alt blitt ein flink brannmann, og flinkare skal han bli, smiler Lien.

Alle borna som var med på open brannstasjon fekk flotte raude brannhjelmar. Denne karen var også utstyrt med matchande brannuniform.
Alle borna som var med på open brannstasjon fekk flotte raude brannhjelmar. Denne karen var også utstyrt med matchande brannuniform.
Sander, Linnea og David Meland-Ask var veldig fascinert av brannbilane på Moberg. Far og mor køyrde søskentrioen direkte frå fotballarrangement på Kuventræ og rakk akkurat brannstasjon-dagen før stengjetid laurdag føremiddag.

Meir tid til spørsmål

Teamleiaren har jobba på stasjonen på Moberg sidan opninga i 2012.

– Me har nok hatt fleire vitjande dei siste åra, men det var mange her i dag også. Trass i dårleg vêr og Bondens dag-arrangementet i sentrum, seier Lien.

Fordelen med litt færre besøkande var at dei fekk meir tid til kvar enkelt.

– Det er jo ekstra kjekt når me kan prata litt med borna, svara på spørsmål og forklara dei meir inngåande om arbeidet, seier Lien og Borgen.

Litt brannhjelmer til overs er heller ikkje noko drawback.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Nei, det er jo berre kjekt. No har me nokre hjelmer att som me kan dela ut ved neste skule- eller barnehage-besøk, seier dei to.