Vårens moter i Tunet
Tysdag inviterer Os sentrumsforening til nytt moteshow. Denne gongen tek butikkane i sentrum i bruk det nye kyrkje- og kultursenteret, Tunet.
– Vi er blant dei første som skal ha arrangement i nye Tunet. Temaet vårt for kvelden er kunst, kultur og moter. Det passar heilt inn i det huset er tenkt for, skriv primus motor, Tove Tvedt Skarstein, i ei pressemelding til avisa.
I tillegg til vårens siste skrik, får publikum stifta nærare kjennskap med kunstnarane Bente, Torhild og Atle Haugland. Trioen driv med tekstilbilete og keramikk, og skal ha utstilling i foajeen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Familien Haugland bidreg også med musikalske perler. Desse står Myrna Braza og Thomas «Tom Tom» Haugland i bresjen for.
Fargerike ord
Bente Bratlund har arbeidd som forfattar i 40 år. Tysdag skal ho ifølgje pressemeldinga vera med å kasta glans over arrangementet i Tunet.
– Etter å ha pendla litt att og fram dei siste åra, har Bratlund busett seg i Osbygda igjen. Ho skal feira 40-årsjubileet sitt som forfattar i Oseana seinare i år. I Tunet deltek ho med dei kreative og fargerike orda sine, heiter det.
Geir Magne Johnsen Moberg gjorde stor suksess då han stilte som konferansier på Os sentrumsforening sitt moteshow i haust. Tysdag stiller han på podiet igjen.
– Moberg skal leia oss gjennom eit show der vårens moter er tema. Det vert gjensyn med kjente og kjære modellar i flotte antrekk frå lokale butikkar, skriv Skarstein.
I tillegg til klede, musikk, dikt og kunst, vert det også noko å bita i for gjestene. Havnechefen, som opnar dørene til Osroso i byrjinga av april, stiller nemleg med smakebitar frå menyen.
camilla.kvamme@osogfusa.no