Fusa Hagelag. Elisabet Nymark (t. v.) i lag med søstera Ingunn Nymark Heggland.
Fusa Hagelag. Elisabet Nymark (t. v.) i lag med søstera Ingunn Nymark Heggland.

Våren er her - det er hagetid

Det lysnar, temperaturen stig, fuglane kvitrar og det byrjar å spire og gro. No byrjar det å kribla i dei grøne fingrane.

Det er kanskje litt tidleg å begynne vårarbeidet for fullt. Jorda er våt og klibbete og det er framleis fare for mange frostnetter enno. Men litt kan me begynne med, her får du nokre tips:

Snøklokker og klosterklokker er vel noko dei fleste vil ha i hagen. Men det er ikkje alltid løkane du kjøper om hausten gjer noko resultat neste vår. Det er fordi desse løkane ikkje tåler godt å bli lagra over lengre tid. Det beste er difor om du kan høyre om nokon vil dela med deg når dei er avblomstra, slik at du kan planta løkane allereie om våren. Men lat blada vere på til dei har visna.

Artikkelen held fram under annonsen.

Gjødsle løkvekster kan du godt gjere, men vent til du ser at dei har fått fine knoppar. For mykje gjødsel for tidleg kan gjera at det blir mest bladvekst.

Januar -april er tida for å kalka. No er jorda fuktig og kan ta til seg og gjere nytte av kalken. Men det er slettes nødvendig å kalka kvart år. Ideell ph er 5-6, men kalkar du kvart år, vil ph-verdien også auka kvart år.

Plenlufting

Litt lenger ut på våren kan me gle oss over eit vell av tulipanar.
Litt lenger ut på våren kan me gle oss over eit vell av tulipanar.
Allereie i januar kjem snøklokkene om minner oss om at våren ikkje er så langt unna.
Allereie i januar kjem snøklokkene om minner oss om at våren ikkje er så langt unna.
Duftande Narcisser er både duftande og eit syn for auga, både for oss og for humla.
Duftande Narcisser er både duftande og eit syn for auga, både for oss og for humla.
Ein kul Kuleprimula lyser fint opp tidleg om våren.
Ein kul Kuleprimula lyser fint opp tidleg om våren.
Ei fortumla humle som ser ut til å ha sovna i ein krokus.
Ei fortumla humle som ser ut til å ha sovna i ein krokus.
Utover vÂren og forsommeren finner man ofte helt unge brunskogsnegler sammen med større, ensfagede brunskogsnegler. Årsaken er som oftest at de minste har ligget i vinterdvale mye lengere utover vÂren enn de større sneglene.
Utover vÂren og forsommeren finner man ofte helt unge brunskogsnegler sammen med større, ensfagede brunskogsnegler. Årsaken er som oftest at de minste har ligget i vinterdvale mye lengere utover vÂren enn de større sneglene.

Legg til rette for gode vekstforhold for graset. Luft i jorda er like viktig som både vatn og gjødsel. Plenlufting om våren kan vera lurt om plenen er hardpakka. Då kan du bruke plenluftemaskin, eller om du har god tid og vil ha ekstra trim, så kan du bruke ei greip. Rak så ned eit tynt lag med støypesant (ikkje pussesand). Gjødslar du så med organisk gjødsel som for eksempel hønsegjødsel eller ei eller anna form for kompost, legg du til rette for mykje makk og eit rikt mikroliv i jorda. Dette igjen vil gje ei meir porøs jord, og kan etter kvart spare deg for arbeidet med plenlufting.

Så snart jorda har tørka opp, er det på tide å raka tørt og dødt gras frå i fjor. Gjødsling er det best å vente med til plenen begynner å bli grøn. Men husk at det er betre å gjødsle lite og ofte enn mykje og sjeldan. Gjødslar du jamt og lite, vil du få ein grøn og frodig plen, og du vil halda mosen meir i sjakk.

Staudebed

Staudebedet treng kanskje ein liten make-over i år igjen. Fjern det som er vissent og legg gjerne litt kugjødselkompost rundt plantane. Staudar som blomstrar om seinsommaren og hausten kan med fordel delast no.

Vårblomstrande blomar bør ventast med til etter blomstring eller til hausten. Sarte sortar treng kanskje dekkast til ei stund til med tanke på nattefrost. Gjer klar støtter som høge planter kan vekse opp gjennom allereie no, så slepp du bli lei deg over pionen eller riddarsporen som ligg flat etter storm og regn i juni.

Ugras i beda er lett å fjerne no når plantene ikkje er i vekst og røtene sit laust. Ta eit tak med ugraset no, så sparer du deg for mykje arbeid seinare i vår og i sommar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sniglekrig

Start er sniglekrigen i gang. Sjå under steinar og visne planter og sjå nøye etter når du ryddar i rotehaugen du ikkje rakk å gjere noko med før vinteren. Her kan du finne både snigleegg og små baby-sniglar. Men tenkt deg om før du avlivar sniglane. Me veit jo ikkje kva dei føler av smerte, så vel ein så rask metode som mogleg.

Bioforsk anbefaler følgjande metodar:

1) Klypp snigelen i to med saks, spade eller annan skarp reiskap

2) Ha sniglane i ein behaldar og hell kokande vatn over

3) Ha dei i ein plastboks med lokk og putt i fryseboksen ved -20°C i eit døgn.

Etter du har avliva sniglane på ein av desse anbefalte måtane, kan du trygt grave dei ned i hagen eller ha dei i komposten. Det er heller ikkje noko fare for at evt. egg blir klekt til nye sniglar. Og gjer du det på denne måten, vil det ikkje verke negativt inn på resten naturen gjennom at du ikkje har brukt naturframande middel.

Bioforskning rår ifrå følgjande metodar:

1) Å strø salt på sniglane

Artikkelen held fram under annonsen.

2) Å legge sniglane i saltlake

3) Å legge sniglane i salmiakk

Klippe-råd

Ein tommelfingerregel for klipping er at vårblomstrande buskar og tre skal klyppast om hausten, og sommar- og haust blomstrande skal klyppast om våren. Men har du ein vårblomstrande hekk som er blitt alt for stor, kan du godt klyppe den no. Du vil berre ikkje få blomstring i år. Om du har tenkt å klippe hekken/busken heilt ned, pass berre på at det står nokre strattar/små greiner att. Det gjer det sikrare at det blir ny vekst. Strattane kan du klyppe bort når busken er komen i vekst.

Skjering av frukttre er eit kapittel for seg, og her er ikkje eg noko særleg kyndig. Men har du ikkje klipt plommetrea enno, vil eg påstå at det er litt seint no. Epletre kan du til nød ta, men det er viktig at frukttrea er i kvile når dei blir klypt.

Roser skal klyppast om våren, men enno er det litt tidleg. .

Eingongsblomstrande roser må gjødsel ein gong om våren, medan remonterande kan få gjødsel i siste halvdel av april, siste halvdel av mai og i månadsskiftet juni/juli. Elles er det viktig med god, næringsrik jord til roser, helst med litt leire (10%).

Planting

Eit gammalt teikn for når me kan plante ute er når hestehoven blømer. Det som er bra med å plante no, er at du ikkje treng passe så godt på med vatninga. Men ver obs om det blir mykje sol og vind, då er det lett for at plantene tørkar ut. Då kan det vere lurt å dusje dei litt sjølv om det er vått i jorda.

Pilehekk har blitt populært dei siste åra, og no er perfekt tid for å plante. Ta gjerne kontakt med ditt lokale hagelag for tips og råd til planting og stell.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tidlegblomstrane Narcisser og tulipaner er og kjærkomne bievenlege planter om våren. Det er alltid litt lykkefølelse når du sår frø og får det til å spire. Ein del sortar skulle vel vore i jorda allereie, men det er ikkje for seint enno. Mange sortar kan du med fordel så direkte ute då dei spirer best i kald jord. Eksempel på dette er sukkererter, kornblomst, ringblomst, valmue og ridderspore. Men om du sår ute, kan det vere lurt å legge over ein fiberduk slik at ikkje fuglane et opp frøa for deg.

Klargjere kjøkkenhagen, det skulle me vel eigentleg gjort i haust. Eg må tilstå at eg ikkje har gjort det, så då er på tide og hive seg rundt no. Men til alle som gjorde det i haust, sjå i alle fall etter sniglar før de sår.

Nyt våren!

Men i alt dette hagearbeidet, Hugs å nyta våren!

For Fusa Hagelag

Elisabet Nymark