Val i Fusa
Fusa er ein fin, og stort sett god kommune å bu i. Me som veljarar kan imidlertid vera med å gje kommunen eit litt betre verktøy, "det lille ekstra", ved dette valet, skriv Asbjørn Rosnes.
Det vil alltid vera eit potensiale til forbetringar, på fleire felt.
Det er i inneverande periode tre ordførarar som også sit i fylkestinget for Hordaland. Til dømes Terje Søviknes. Han har vore med i fylkestinget i fleire periodar, og det at han har kombinert ordførar og fylkestingsvervet, har nok vore svært positivt for Os.
Artikkelen held fram under annonsen.
Me kan vel vera einige om at det er ein stor fordel for ein kommune at ordføraren også er med i fylkestinget. På den måten får ordføraren eit mykje større nettverk og kontaktflate ut over kommunegrensene, som han elles må slita for å få til. Gjennom arbeid i fylkesting og ymse utval der, opnar det seg dører og kontakter inn til Oslo og departement. Desse kontaktane kan ein som ordførar også gjera seg nytte av. Han vil då tidleg koma inn i planar og prosessar som vedkjem kommunar og fylke, og såleis kan vera med å påverka desse frå starten av.
Atle Kvåle på fylkestinget
No er det slik at Atle Kvåle er godt etablert i fylkestinget i inneverande periode. Han er den einaste politikaren frå Fusa som står på sikker plass på fylkeslistene, og han har dei siste 4 åra opparbeid seg eit stort og godt nettverk. Fusa har no ein svært god anledning til å få den neste ordføraren med i fylkestinget, og slik gjera seg nytte av dei fordelane dette har. På valdagen den 14. september, kan me få dette til ved at flest mogeleg røyster på Atle ved kommune- og fylkestingsvalet.
Atle Kvåle har stor tillit i parti, kommune og fylkesting, det viser dei posisjonane han har fått tildelt. Til dømes: Varaordførar i to periodar, samferdslepolitisk talsmann og 6. kandidat til fylkestinget. Vidare, gruppeleiar i samferdsleutvalet, nestleiar i trafikksikringsutvalet og fylkestingets representant som styremedlem i Haukelivegen AS m.m. Alle desse er viktige verv for Fusa. (Kan Hordalandsdiagonalen Jøsendal - Odda - Bergen, gjennom Fusa, verta ein realitet? Spanande!)
I staden for luftslottet E39
Eg kan ikkje la vera, men må berre ha med nokre ord om E39. Regjeringa har bestemt at dei vil byggja bru over Bjørnafjorden. Var det 27 milliardar den siste prognosen var komen opp i? Om den brua nokon gong kjem, vert summen heilt sikkert høgare. Slik det ser ut no, så er det ingen som får kopla seg på denne vegstrekka heller, frå Rekstern til Moberg eller Svegatjørn. I staden for dette luftslottet, kunne dei bygd indre trasé for ein lågare sum. Det ville ha utløyst eit enormt byggeland i nær tilknyting til Noregs nest største by. Me får håpa at nokon snart tek til fornuft.
I Fusa har me sidan 1970-talet snakka varmt om at folketalet må aukast, utan at noko særleg har skjedd på det feltet, litt opp og litt ned. Eg trur løysinga på dette er, kortare og betre vegar internt i kommunen og E39 indre trasé (har enno eit håp), og Hordalandsdiagonalen gjennom Fusa. Med desse vegane gjennom Fusa, hadde det også vore naturleg å plassert den etterlengta godshamna for Bergens-regionen i Samnangerfjorden. Det passar kanskje bra å ta oppatt planane om godshamn no. Ettersom eg har forstått, slit dei med lokal motstand andre stader.
Bruk røysteretten
Som nemnt før har Atle Kvåle ein del posisjonar som vil vera til fordel for Fusa, og då bør me fusingar støtta maksimalt opp om han ved dette valet. Dette gjer me best ved å bruka Arbeiderpartiet sine lister, og også kryssa av for personrøyst framom namnet hans. Vel du ei anna partiliste, kan du på kommunevallistene likevel føra Atle Kvåle sitt namn opp i feltet "kandidatar frå andre lister".
Ved sist kommuneval var deltakinga i Fusa 71% , og 63% ved fylkestingvalet. Det vil seia at over 800 let vera å røysta ved kommunevalet, og over 1.000 ved fylkesvalet. Skal me i fellesskap gjera noko med dette i år? Setja ny valdeltakar-rekord? Alltid kjekt med rekordar!
Bruk røysteretten, valet er ditt.
Artikkelen held fram under annonsen.
Godt val!
Asbjørn Rosnes