Utklassing av Eikelandsfjorden
Stian Håvik vart toppskårar med fem mål då Eikelandsfjorden knuste Fotlandsvåg 13-1 i dag.
Det sit truleg ein keeper i Fotlandsvåg og har ein litt trasig kveld etter å ha sleppt inn 13 mål under dagens kamp i Eikelandsosen.
Kaptein for Eikelandsfjorden, Arnt Ove Lundervik, klassifiserer dagens resultat som ein stor lagsiger.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Men om eg skal trekkja fram ein enkeltspelar, må det bli femmåls-skårar Stian Håvik. Han hadde enkelte angrep som var heilt eineståande og er ein viktig spelar på laget vårt, seier Lundervik.
Svakt lag
Fyrste omgang var krevjande på grunn av låg haustsol, men det hindra likevel ikkje Eikelandsfjorden i å ta leiinga 6-0 mot det Lundervik kallar eit svakt lag.
- Sjølv om vi visste akkurat det på førehand, fekk vi klar beskjed frå trenaren om å gå ut og tenkja at det var ein vanskeleg motstandar.
- Du kan vel ikkje vera anna enn nøgd med lagets innsats etter 13-0?
- Tja, vi burde faktisk ha skåra endå fleire mål. Men det er vel slik at ein vert mindre skjerpa etterkvart som leiinga aukar, seier Lundervik forklarande.
Opprykk?
Sidan Øystese 2 vann sin kamp, vart det ikkje noko direkte opprykk for Eikelandsfjorden i dag. Men laget har sikra seg kvalikplass i sjette divisjon. Dei to heime- og bortekampane 1. og 8. november vil avgjera om dei greier å rykka opp til femte.
- Kva er drøymemotstandaren i dei to komande kampane, Fotlandsvåg?
- He-he, det er avgjort at det blir Nordre Holsnøy eller Minde. Det spelar inga rolle kva for ein av desse to vi møter, seier Lundervik.
Artikkelen held fram under annonsen.
Takkar publikum
Dagens kamp vart spela på den nye kunstgrasbana i strålande sol med rundt 200 tilskodarar. Lundervik framhevar rammene som optimale.
- Eg vil gjerne takka apparatet rundt oss. Det at vi har innmarsj med maskotar gjev oss skikkeleg stil. Og ikkje minst er det flott at publikum stiller opp for å heia på oss. Det betyr veldig mykje, seier kapteinen.
Desse skåra for Eikelandsfjorden: Stian Håvik fem mål, Petter Teige Nes to mål, Sondre Langeland to mål, Daniel Håvik to mål, Cato Håvik eitt mål og Joakim Brekketveit eitt mål.