Ukritisk stønad til Osfest

FrP og H trumfa gjennom tilskot på ein halv million kroner til eit privat aksjeselskap, utan krav til korkje rekneskap eller rapportering. Ein blir nøydd for å reagera når både søknad og handsaming er fulle av feil, skriv Nils-Anders Nøttseter (MDG).

LESARBREV: I Os og Fusaposten 27. februar gir Tor Egil Hylland uttrykk for at han synest Osfest vert mistenkeleggjort av politikarane i kommunen. Som ein av desse politikarane vil eg gjera greie for kva eg meiner er problematisk i denne saka.

Osfest har profilert seg som ein idealistisk organisasjon, og det har gjentekne gonger vore framme i media at festivalen er drive på frivillig basis. I søknaden til kommunen spesifiserer aksjonerane (Hylland og Berg-Olsen) at dei ikkje skal ta ut utbytte frå aksjeselskapet, samt at dei er registrerte i frivillighetsregisteret og som grasrotmottakar. I rekneskap for 2015 og budsjett for 2016 er posten "Løn" spesifisert med kr. 0. Då må ein kunna forstå det slik at dei ikkje tek ut løn.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er dårleg samsvar mellom desse opplysningane og det faktum at dei to har tatt ut rundt 11,9% av omsetninga som honorar. Osfest kunne enkelt synleggjort godtgjort arbeid i budsjettet når dei visste at dei hadde tatt ut 600.000 i honorar til seg sjølve året før.

Talkrøll

Det er ikkje berre Osfest som har trådd skeivt i denne saka. Årsaka til at det har vore vanskeleg å få oversikt heng saman med sakshandsaminga frå kommunen si side - både administrativt og politisk. Allereie 24. november etterlyste eg rekneskap og budsjett. Det er utruleg at saka kom til politisk handsaming utan dette. Då dokumenta kom, reagerte ingen på dei store uspesifiserte sekkepostane eller reknefeil i budsjettet.

Når eg no les i avisa at Osfest reknar med å ha ein omsetnad i år på 7-8 millioner kroner, undrar eg meg over at vi som politikarar nett har vedteke stønaden på grunnlag av eit budsjett som seier 6 millionar.

Dei gode opplevingane

Vi i Miljøpartiet Dei Grøne er store tilhengjarar av at også arbeid innan kunst og kultur kan vera løna. Det er som Hylland nemner mykje arbeid knytta til det å driva infrastruktur for kunst og kultur. Han trekkjer fram ansvaret og risikoen ein sit med og peikar samstundes på korleis ein gjev noko tilbake til bygda. Det er arbeidskrevjande og tidkrevjande, men svært viktig at nokon tar på seg å skapa gode opplevingar for andre.

Alt dette er rett, men det gjeld ikkje spesielt for Osfest.

Osfest er den største festivalen vi har hatt på Os, men alle utfordringane Hylland trekkjer fram gjeld også for andre aktørar. Rock 'n' lol hadde adgang for publikum under 18. WT Filmfestivalen og Rock 'n' lol har hatt gratis familiearrangement. Osøren m.fl. har teke i bruk ulike arenaar for sine arrangement. Galleri Vedholmen og Galleri Solbakken har drive i årevis for eiga rekning og risiko. Dette gjeld også for bygdas sjølvstendige kunstnarar. Alle desse andre aktørane har også gjeve tilbake mykje til samfunnet, men ingen har nokon gong fått kommunal stønad i den storleiken det her er snakk om. Nokre av dei har aldri sett ei kommunal krone.

Same reglar for alle

Kommunale midlar dreier seg mellom anna om å verta anerkjende for den jobben ein gjer og å oppretthalda motivasjonen. Også dette peikar Hylland på. Nettopp difor er det så viktig at fageininga i kommunen, kultureininga, fører an i kultursaker slik at vi i Os får etablert gode prosessar for fordeling av midlar til kunst og kultur. At dei same reglane gjeld for alle, og at fordelinga er rettvis, heilskapleg og gjennomsiktige. Om prosessane er gode nok, så kjem ingen til å kjenna seg mistenkeleggjorte.

Dårleg politisk handverk

I formannskapsmøte 18. februar trekte eg fram ei rekke av dei spørsmåla som kjem fram ovanfor. Posisjonen, representert ved ordførar Terje Søviknes og Eirik André Hesthamar frå Frp, samt varaordførar Marie Bruarøy og Ståle Skaatun frå Høgre, tok ikkje ein gong ordet i etterkant, før dei stemte gjennom tilskot på ein halv million til Osfest.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sist formannskapet skulle ta stilling til stønad til Osfest, var innvendingane mykje dei samme som i 2016 (Midtsiden, oktober 2014). Kvifor nyttar ein ikkje dei nyoppretta KUP-midlane? Og kvar er rekneskapen frå forrige festival? Det framgår av samtalen frå 2014 at formannskapet meiner framtidige tilskot til Osfest skal vere mindre i framtida. Vi kan i dag slå fast at tilskotet vart 200.000 større.

I dei etiske retningslinene som gjeld for tilsette og folkevalde i Os kommune står det at dei folkevalde skal opptre på ein rettskaffen, korrekt og ansvarsfull måte, som sikrar tillit hos innbyggjarane. I kommunelova står det at "administrasjonssjefen skal påse at de saker som legges fram for folkevalgte organer, er forsvarlig utredet, og at vedtak blir iverksatt." - denne saka var ikkje forsvarleg utgreidd.

I Bergen kommune går krav om revisjon for søkarar på 100.000. Men i Os kommune stiller ein ikkje krav til korkje rapport, rekneskap eller revisjon, sjølv når vi løyver fem gongar så mykje.

Tåkelegg ordføraren?

På Facebook 27.02.16 gjer ordføraren uttrykk for at han visste at intensjonen frå festivalleiinga si side var å ta ut honorar. Kvifor svarte ikkje då ordføraren på spørsmåla mine om desse postane i formannskapet? Utan å leggja sin kunnskap for dagen, stilte han seg i spissen, med dobbeltstemma si, for å løyva ein halv million kroner - no strings attached.

Osfest kan oppleva at dei vert mistenkjeleggjorte fordi dei ikkje hadde gjort heimeleksa si før dei søkte kommunen om midlar. Men årsaka til at dette har blitt ei så betent sak er først og fremst at alle partar gjer gamle feil om igjen. Posisjonen sitt venstrehandsarbeid har ført til at kommunen har delt ut 500.000 til eit aksjeselskap utan å stilla noko krav. Ver så god!

Nils-Anders Nøttseter

Formannskapsmedlem

Leiar for Miljøpartiet Dei Grøne Os