Trivst best på toppane
I 2007 fullførte Erlend Baldersheim (34) jusstudiet i Bergen med 15 A-ar av 15 moglege. 2. desember disputerte han for doktorgraden i same fag, og etter nyttår tek fusingen til i sin nye jobb hjå Regjeringsadvokaten i Oslo.
Camilla Kvamme
camilla.kvamme@osogfusa.no
Artikkelen held fram under annonsen.
- Etter ein heilhjarta innsats på Os gymnas, med ei røys seksarar, stod du fritt til å velja kva studium du ønskte. Kva var årsaka til at du fall ned på jusstudiet?
- No avdøde Anders Kåre Engevik, lærar på Os Gymnas, åtvara meg mot å begynna på Handelshøgskulen. Han sa med inntrengande stemme: "Ver forsiktig, den plassen formar folk!" Så då fall valet på eit anna studium med høge karakterkrav, nemleg rettsvitskap. Eg visste eigentleg lite om kva eg gjekk til, og på den måten vart studiet ei oppdagingsferd. Ganske raskt kom eg likevel inn i faget og tenkjemåten, og slo meg til tols med det.
- Du jobba hardt på jusstudiet også. Korleis vil du skildra dei fem åra?
- Det var mykje og hardt arbeid, dels med lesing av pensumlitteratur, tilleggslitteratur og dommar, men også mykje skriving av oppgåver. Eg gjekk lite på forelesningar, og fann meg aldri til rette på nokon lesesal, og var nok fagleg sett ein fritenkjar. Samstundes var eg ein av fleire tillitsvalde for studentane gjennom heile studiet, og det gav meg ei fin tilknyting til fakultetet. Det meste av fritida hadde eg ikkje i Bergen, men heime på Baldersheim.
- Som student, kva drøymte du om å arbeida med i framtida?
- Det næraste eg kjem ein juss-relatert draum er marerittet om at eg var for seint ute, og hoppa på feil buss, på veg til eksamenslokalet. Det var to veker etter eksamen. Utover det hadde eg få konkrete draumar om bestemte typar arbeid i framtida. Viktigast var å gjera ein god innsats der og då, og tileigna meg mest mogleg kunnskap om, og glede ved faget eg studerte.
- Når bestemte du deg for å skriva doktorgrad? Korleis kom du fram til kva du ville skriva om?
- Ved slutten av studiet gjekk eg saumlaust over i ei stilling som universitetslektor, og då vart det bestemt at eg skulle forsøkja meg på doktorgraden, som stipendiat. Det var ein måte å studera vidare på, men med lønn, heldigvis. Rettsområdet eigedomsrett treivst eg godt med som undervisar, men innretninga av doktorgraden forma seg dei komande tre-fire åra. Det vart mange irrgangar undervegs, men den som har disposisjonen klar på førehand, vil jo sjeldan bringa ny kunnskap fram.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Kva handlar avhandlinga di om?
- Dette spørsmålet har eg mislikt sterkt i sju år. Men no ligg jo fasiten der, og det er enklare å svara. Avhandlinga, som er ca. 400 sider, er ganske teoretisk. Den diskuterer ein del synsmåtar som har funnest i den skandinaviske rettsvitskaplege litteraturen i dei siste 80 åra. Det gjeld synsmåtar om kva det strengt juridisk betyr å ha eigedomsrett, og kva det betyr at ein ting skiftar eigar. Her har det vore nokre særskandinaviske teoriar som dei skjønar lite av til dømes i Tyskland. Eg meiner det er grunnlag for å avliva ein del av desse teoriane, dels fordi dei er uklare, dels fordi dei er uriktige.
- Du starta som dommarfullmektig i Bergen tingrett i ein alder av 31 år. Korleis vil du oppsummera tida di i Bergen tingrett? Kva har sett størst spor?
- Domstolane har stor tillit i det norske samfunnet, og det er djupt meiningsfullt å få vera med å forvalta den tilliten gjennom å yta rett og rettferd i konkrete saker. Det er mange møte, mange lagnader, og eg har ønskt å behandla alle likt, med respekt, tolmod og ei vennleg innstilling. Variasjonen i sakstypar er enorm, frå innfløkte tvistar mellom internasjonale selskap om titals millionar, via tvangsinngrep og omsorgsovertaking i barnevernet, til slitne rusmisbrukarar som får sin straffedom nummer tjue. Det som set spor er eigentleg å forstå at ein som dommar får og har ansvaret for alle desse avgjerdene.
- Kva kan du fortelja om jobben du skal ta til i etter nyttår?
- Staten har eit eige advokatkontor for alle sivile saker kor staten er part. Der arbeider det om lag 40 advokatar, under leiing av Regjeringsadvokaten. Sakstypane spenner frå asylrett, trygderett og psykisk helsevern til plan- og bygningsrett, skatterett, menneskerettar og EØS-rett. Det meste av tida går med til å føra desse sakene for domstolane, men noko av tida går også med til å gi råd til statsforvaltninga i juridiske spørsmål uavhengig av rettssaker.
- Kva ser du mest fram til i den nye jobben?
- Det har vore kjekt å administrera flinke advokatar i rettssalen, og no er det min tur til å vera advokat. Det vert ei ny erfaring. Eg ser fram til å tena domstolen gjennom å prosedera saker på ein klar, forståeleg og fagleg velfundert måte, og til å representera fellesskapen sitt syn medan eg gjer det.
Artikkelen held fram under annonsen.
- I 2007 sa du til Bergens Tidende at målet ditt var å bli professor. Kva er målet i dag?
- Innanfor akademia var det naturlege målet å bli professor, men utanfor akademia må ein jo setja seg andre mål. Som prosedyreadvokat er vel eit naturleg mål å få møterett for Høgsterett. Skjønt, eg likar ikkje dette omgrepet om "mål", fordi det indikerer eit slags ende- eller høgdepunkt, og det kan indikera ei instrumentell innstilling til det som skjer undervegs. Målet er å gjera gode stykke arbeid på vegen, og det er mål nok i seg sjølv.
- Kva likar du å bruka tida di på når du ikkje er oppteken med juridiske spørsmål?
- På fritida handlar det mykje om friluftsliv til fjells, med litt telting og ein del hytteturar. I fjor var eg til dømes ni dagar på Island på telttur, noko som var kjekt. Dei siste tre sesongane har eg også vore turleiar i Bergen og Hordaland Turlag, og har hatt ansvar for vekesturar fleire gonger, sist på Hardangervidda i sommar. Kvar slik fellestur har sin eigen magi, og alle er på sitt beste til fjells - eg også!