Tre førsteklassingar og ei heil røys med høner
I 1. klasse på Søre Fusa oppvekstsenter er det tre elevar: Martine Bergesen (7), Isak Tveit (6) og Ketsada Vongphouthone (6). Når «Os og Fusaposten» er på besøk, er det berre éin dag igjen til påskeferie, og storparten av bokstavane i alfabetet er unnagjort.
- Vi er komne til Æ, fortel Martine.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Ja, etter påske vert det berre leselekse. De har vore så flinke å jobba, seier kontaktlærar Britt Bakke.
I tillegg til bokstavar, matte, gym og alt anna som høyrer skulekvardagen til, har førsteklassingane lært mykje om høner det siste året. På nedsida av skulen, i den såkalla Losjehagen, bur det nemleg ti svært sosiale høns. Når elevane tek turen ned i "uteklasserommet", tek det ikkje lang tid før hønene melder seg på i undervisinga.
- Fargen på øyrelappen fortel kva farge det er på egga, seier Martine.
- Me kan bruka bæsjen deira til gjødsel, seier Isak.
Kvar dag hentar elevane egg i hønsehuset, og om fredagane kan dei som vil koma å kjøpa egg på skulen. Denne veka var dei sjølvproduserte egga del av påskefrukosten som elevar, føresette og søsken fekk ta del i.
- Den eine høna legg grøne egg, seier Isak og ler.
Dei to førsteklassingane trivst godt på skulen. Favorittfaget er gym. I tillegg liker dei undervisinga som finn stad i Losjehagen. Her har dei mellom anna lært namna på ei heil røys med ulike verktøy, samt vore med på å planta urter og grønsaker i kjøkenhagen.
- Skulen har vore del av den nasjonale satsinga "Den naturlige skolesekken" i inneverande skuleår. Det har vore veldig spennande, seier Bakke.