Tina slapp ekstra tur til Haukeland
Tina Lyssand Rød gjekk til svangerskapskontroll tysdag, fødde måndagen etter og møtte til nyfødd- screening med vesle Jonathan på Os nærjordmorsenter onsdag.
Anne Marie Aarøen Vangsnes
anne-marie@osogfusa.no
Artikkelen held fram under annonsen.
Jonathan søv trygt på mammas fang. Det er berre ei veke sidan han vart fødd på Kvinneklinikken (KK). Tina Lyssand Rød og Benjamin Rasmussen er stolte og glade tobarnsforeldre.
- Det gjekk mykje fortare og lettare denne gongen, smiler Tina.
Då ho fødde dottera Lykke (2,5), vart ho liggande på KK i fleire dagar. Sist veke reiste ho og Jonathan heim berre tolv timar etter fødselen.
- Eg ville heim til Benjamin. Dessutan det var også trygt å vita at eg ville bli fulgt opp av Gry som eg har gått til i begge svangerskapa, seier Tina og stryk Jonathan over hovudet.
Gry er Gry Albriktsen, jordmor ved Os Nærjordmorsenter som no har vore i drift i om lag sju månader.
Fyller gapet
- Vår viktigaste oppgåve er å fylla gapet mellom fødsel og oppfylgjing frå helsestasjon. Fram til no har det vore eit tomrom der ingen i kommunen har hatt ei hand i "den nyfødde familien" den fyrste veka. Der kjem vi inn i biletet, forklarer ho.
Nærjordmorsenteret har eit tilbod for gravide og barselkvinner i løpet av dei fyrste fem dagane etter fødsel. Når kvinnene kjem heim etter fødselen, vert dei kontakta av jordmor som avtaler time for alt frå ammerettleiing og evaluering av fødsel til føllingsprøve og andre standardtestar av det nyfødde barnet.
Tidlegare måtte barselkvinnene setja av ein dag og reisa attende til KK for å gjera dette.
Artikkelen held fram under annonsen.
Stress
- Det er så mykje greiare å heller rusla ned hit. Å reisa til byen når ein knapt har kome i gang med amminga, er utruleg stressande. Og så skal ein tenkja på bleieskift og jakt etter parkering på toppen av alt, seier Tina.
- Dessutan er det ein heilt annan tryggleik her. Det er lettare å snakka om både fødsel og kjenslemessige utfordringar med eit kjent andlet, enn med eit menneske du aldri har sett før, seier Benjamin.
Nummer to
Nærjordmorsenteret vart opna av Helse Bergen i samarbeid med Os kommune 9. mars, som nummer to i Noreg. Sidan då har 129 av 161 barselkvinner i Os vore innom.
- 80 prosent har brukt oss. Dei siste 20 prosenta består truleg av kvinner med komplikasjonar og lengre sjukehusopphald eller born som treng oppfølgjing på Barneklinikken. Dessutan er vi stengde i helgane og i feriane, forklarer Albriktsen.
Per i dag er det 1,2 jordmor-årsverk i Os som skal dekka både svangerskap- og oppfølgjing av barselkvinner. Medan 60 prosent av jordmor-tenesta er i regi av Os kommune, er nærjordmorsenterets 60 prosent finansiert av Helse-Bergen.
Albriktsen og jordmor Janne Skromme arbeider i høvesvis 70 og 50 prosent. Saman betener dei nærjordmosenteret kvar yrkesdag frå 9 til 15. Tilbod om svangerskapsoppfølgjing til om lag 250 fødande Os-kvinner kjem i tillegg.
Kø av kvinner
- Vi har venteliste med gravide som gjerne vil gå til kontroll her, men vi har dessverre ikkje kapasitet til alle, seier Albriktsen.
I fylgje Den norske jordmorforening bør det vera minst ei jordmor per 200 fødslar, berre knytt til svangerskapsomsorg.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Kor mange jordmorstillingar er det bruk for her i Os etter di meining?
- Vi skulle hatt tre heile stillingar. Os kommune har ei ung befolkning med forventa aukande fødselstal. Då er det trist at ikkje jordmortenesta vert prioritert høgare, seier Albriktsen, vel vitande om at budsjettet for 2016 vert lagt i desse dagar.
Landets fyrste nærjordmorsenter ligg i Askøy kommune. Der har dei no også starta med heimebesøk til barselkvinnene.
- Eg håpar vi kan få dette til i Os også. Noko som er i tråd med barselretningslinjene som kom i 2014 og Kvinneklinikkens planar om tidleg heim etter fødsel.Det kjem an på om kommunen ser verdien i å satsa førebyggande, seier ho.
Amming
Jonathan er ferdig vege og målt. Han var 4485 gram ved fødselen, og har no begynt å leggja godt på seg. Alt ser ut til å vera fint.
- No må du berre hugsa på å kvila nok. Sov når han søv og drikk havresuppe. Det er bra for amminga, seier jordmor til Tina på veg ut.