Tilbakeblikk: Med blanke ark i Os
Sindre og Morten fekk starta med blanke ark i Os. I dag er dei tidlegare rusavhengige brørne stoff-frie, i arbeid og svorne treningskamaratar som aldri droppar ei trening.
Denne saka stod fyrst gongen på trykk 26. september.
- I løpet av det siste året kan du seia at me har gått frå å vera narkomane til treningsnarkomane, humrar brødreparet mellom krafttaka på Aktiv365 i Brugata i Os.
Artikkelen held fram under annonsen.
Det var her underteikna møtte Sindre og Morten Remme Strand første gong i vår. Sidan den gong har eg knapt vore innom lokalet utan å sjå dei treningsglade brørnes blide åsyn.
Sindre og Morten er 32 og 29 år, og opprinneleg frå Alverstraumen i Lindås kommune. Der budde dei meir eller mindre fast fram til for kring eitt år sidan. Då flytta dei til mor si i Os.
- Me levde eit tøft liv i Lindås og Bergen og øydela på mange måtar for oss sjølve der. Etter mange år med rus og kriminalitet, var det få som var villige til å gje oss ein ny sjanse. Me følte rett og slett at me hadde brent alle bruer, seier Sindre.
Rundane på NAV og med sosialomsorga gav dei lite hjelp til å koma seg ut av rusavhengigheita. Dessutan sleit dei med å bryta ut av rusmiljøet dei gjennom ungdomen og i vaksen alder hadde vore ein fast del av.
- Ved hjelp av rehabilitering klarer ein gjerne å slutta, men når ein vender tilbake til der ein kom frå, er vegen tilbake til rusen svært kort, seier veslebror Morten.
Fordomsfri mottaking
Då dei flytta til Os, vart dei letta av å møta fordomsfrie folk - folk som ikkje dømde dei på bakrunn av ting dei tidlegare hadde gjort.
- Møtet med NAV i Os var veldig positivt. Me blei møtt av konsulentar som trudde på oss, og som var villige til å leggja til rette for at me skulle få eit liv utan rus, seier brørne.
Før dei flytta hadde dei begge hatt sine mislukka rundar med LAR (Legemiddelassistert rehabilitering). I februar fekk NAV i Os dei tilbake i ordninga. Sidan har dei halde seg unna anna form for medikament og tablettar.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Både Sindre og eg har hatt sidebruk dei andre gongane me har vore på LAR. No har me halde oss heilt rusfrie i over eit halvt år - mykje takk vere oppfølgjinga i Os, seier Morten.
Også det faktum at dei no bur hjå mor si og har kvarandre, har hjelpt brørne.
- Tidlegare i livet har me flakka litt rundt kvar for oss. No har me selskap og støtte i kvarandre, og gler oss over at mora vår får vera i lag med to rusfrie søner, smiler Sindre.
Han veit ho har hatt mange tøffe år.
- Ho har alltid hatt ei open dør for oss. Stundom har det kosta ho mykje, men utan hennar støtte hadde ikkje Morten og eg vore der me er i dag, konstaterer Sindre.
No for tida har gutane fast turdag med mor si om søndagen. Då går turen gjerne på Møsnuken eller til toppen av andre fjell kring Os-bygda.
God stad å vera
Underteikna følgde brørne Remme Strand nærast ein heil dag denne veka. Den første plassen eg fekk vera med dei, er der dei har følt seg mest velkomen av alle plassar - hos Vindfanget.
- Dette er ein god plass å vera. Her møter me likestilte og får god oppfølgjing av flinke og greie folk. Dette er eit kjempeflott tiltak som me ikkje hadde i kommunen me budde i før, skryter Morten.
Artikkelen held fram under annonsen.
Han har vore der i tre veker. Broder Sindre fekk plass litt før sommaren.
Vindfanget oppfølgingssenter i Os er eit oppfølgjingstilbod for menneske som ønskjer å arbeida med endring for å oppnå eit liv utan rusavhengigheit og kriminalitet. Senteret er ein del av stiftinga Kirkens Sosialtjeneste og har kring 12 til 15 deltakarar som vert følgde opp.
- Sindre og Morten er to herlege og arbeidsvillige gutar. I tillegg er dei alltid i godt humør, fortel miljøtereapeutane Kari Torsvik og Johanne Rotvik.
Då «Os og Fusaposten» var innom på onsdag, var dei i full gang med å organisera middagen. Det lukta komle og knokekjøt lang veg.
- Det er godt å ha fått Morten med på Vindfanget. Me trivst kjempegodt. No har me eitt til to år der me kan få øva oss på det å leva eit vanleg yrkesliv, seier Sindre.
Ute i felten
Før brørne Remme Strand og dei andre ved Vindfanget vart bedne til middag, stod det att godt og vel ein halv arbeidsdag. For Sindre og Morten var jobben ute i felten.
- Me er i «Vindfanget vedlikehald»-gruppa. Det inneber at me jobbar med ulike former for vedlikehald og ein del tømrar-arbeid. For meg passar det perfekt. Eg har jobba som tømrar tidlegare, fortel Morten.
Broder Sindre har heller ingen problem med å løysa oppgåvene med hammar og sag.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Eg synest det er moro å gjera noko fysisk. Det å byggja og sjå resultat med ein gong, smiler Sindre.
For tida byggjer arbeidslaget ein stor garasje utanfor Vindfang-bygget på austsida av Oselva. I tillegg tek dei jobbar utanom. Då eg var med, jobba dei på eit hus på Kuventræ.
- Me tek all form for mindre omfattande tømrararbeid. Normalt inneber det bygging av garasjer, uthus, eller som her, litt mindre tilbygg til hus, fortel arbeidsrettleiar Leif Østrem.
I lag med arbeidsrettleiar Karsten Wangberg hadde han med seg fire arbeidarar. Leiarane var godt nøgde med laget.
- Dette her er eit arbeidslag med både vilje, kunnskap og tæl. Skryt mykje av denne gjengen, smiler Østrem og Wangberg.
Knallharde økter
Etter ein lang dag med mykje fysisk arbeid er det ingen av brørne som er freista til å droppa treninga. Treninga er medisin, og denne medisinen må dei ha fem til seks gonger i veka.
- Treninga er viktig. Kanskje viktigast av alt. Heile dagen medan eg jobbar gler eg meg berre over at eg skal få trena etter arbeidstid. Treninga auker livsgleda, konkluderer storebror Sindre.
Medan han løftar kilovis med jern, pumpar sveitta ut under capsen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Morten ventar på tur og er like gira.
- Me trenar bortimot to timar. Noko mindre enn det er ikkje aktuelt, ler dei to.
Begge har vakse seg store det siste året.
- Når me var på stoff, vog me kring 60 kg begge to. I dag er Sindre nær 90, medan eg veg 75, fortel Morten.
For Sindre er treninga kanskje også ein framtidig jobb.
- Eg har veldig lyst til å bli personleg trenar (PT). Eg har trena ein del tidlegare i livet, og synest det er kjekt å koma med råd og tips til andre, seier Sindre.
Traumatisk oppleving
Ein av grunnane til Sindre ville slutta med stoff, var at han var blitt ein person han ikkje likte.
Han var alltid på vakt og vart fort aggressiv. Dette fekk han ofte opp i problem.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Eg har vore valdeleg, og har gjort mykje eg angrar på, men det har vore i rus, presiserer Sindre.
Han har også vore i fengsel for rus og vald.
Men det var ein episode der han heldt på å mista livet, som for alvor fekk han til å skjøna at han måtte koma seg ut av rusmiljøet.
- Det var nokon som ville ta meg for ein tidlegare episode. Dei heldt meg fanga i ei leilegheit fleire dagar og truga meg på livet, fortel han.
Etter eit mareritt av nokre dagar klarte han å koma seg ut av leilegheita, og bestemte seg deretter for at nok fekk vera nok.
- Då låg eg meg inn på avrusning i Skuteviken. Etter dette bar det til Os og betre tider.
Vil sjå dottera
For Morten sin del er det ei lita jente på fire år som er hovudgrunnen til at han no kan kalla seg rusfri.
- Mitt store mål er å få kontakt med dottera mi igjen. Eg har ikkje sett ho på to år, og det er utruleg vondt, seier Morten låmelt.
Han budde i lag med mora i tre år, men narkotikaproblema gjorde at forholdet sprakk i 2012.
- Sidan den gong har eg knapt sett dottera mi. No har eg skrive mail og fortalt at eg har teke grep i livet. Eg håpar eg snart kan få sjå ho att, seier Morten.
- Dette er også vårt felles mål. Morten og eg skal bli heilt restituerte. Me skal koma oss i jobb, og Morten skal få sjå dottera si igjen om ikkje lenge. Dette skal ordna seg, seier storebror oppløftande.
Brørne trur på nye sjansar i livet, og i Os føler dei at dei har fått nettopp det
Namn: Sindre Remme Strand
Alder: 32
Aktuell: Nyinnflytta i Os og i gang med eit nytt liv.
Mål og motivasjon: Eg vil halda fram med å ha eit liv der eg slepp å vera på vakt, der eg har tiltru til omgjevnadene og der folk opplever meg slik eg eigentleg er - som ein hyggjeleg og velmeinande kar. Elles er målet å bli personleg trenar.
Namn: Morten Remme Strand
Alder: 29
Aktuell: Nyinnflytta i Os og i gang med eit nytt liv.
Mål og motivasjon: Å få vera i lag med dottera mi igjen. I tillegg vil eg gjerne jobba med haldningsskapande arbeid og eventuelt hjelpa andre misbrukarar ut av rusavhengigheit.