Sokneprest i Fusa kommune, Einar Ekerhovd, var i sist nummer av "Os og Fusaposten" klar på at han ikkje kjem til å via likekjønna. I dette lesarbrevet får soknepresten sterk kritikk for sin lite homofil-venlege haldning.
Sokneprest i Fusa kommune, Einar Ekerhovd, var i sist nummer av "Os og Fusaposten" klar på at han ikkje kjem til å via likekjønna. I dette lesarbrevet får soknepresten sterk kritikk for sin lite homofil-venlege haldning.

Til den nye soknepresten vår

Som innbyggjar i eit sokn, har ein liten påverknad på kva prest ein skal få.

I Fusa har me fått oss ny prest, nemleg deg Einar Ekerhovd. Du markerte deg allereie før du kom, med det famøse utspelet om den lesbiske presten som du meinte burde snu det andre kinnet til då ho vart utsett for vald på jobb som prest. Heldigvis tok bispen affære og kalte deg inn til "samtale" som det heiter på kristenspråket, og du la deg sånn passe flat for å berge skinnet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Men freden varte ikkje lenge for dei eventuelt homofile fusingane. I siste utgåve av «Os & Fusaposten» gjev du klar beskjed til homofile gifteklare fusingar at du ikkje har tenkt å bruke arbeidstida di på å smi dei i hymens lenkjer, då må dei gå til andre sokn med meir homofil-venlege prestar.

Ulike typar prestar

Som innbyggjar i eit sokn, har ein liten påverknad på kva prest ein skal få. Det nærast parodiske kyrkjevalet, der det som regel er kun ei einaste liste, omtrent som ved val i Kina, gjev litan eller ingen påverknad på presteval. Om ein i så fall hadde laga ei konkurerande liste, så får ein ikkje byta ut ein prest av den grunn at ein ikkje likar han, eller helst vil ha ein annan.

Me som innbyggjarar er prisgitt den presten me får utdelt, enten det er ein Ludvig Nessa-type eller Einar Gelius-variant, og spriket kan vere temmeleg stort, med dei forskjellige kvaler prestane kan ha.

Her i Fusa har me dessverre tradisjon for lite homofil-venlege prestar, noko som sikkert det konservative bedehusmiljøet er begeistra for, og det store fleirtalet berre synest er trist. Du Ekerhovd, flaggar synet ditt høgt og tydeleg, "skrem dei vekk så eg slepp plagast med dei; porten min er låg og smal, ikkje høg og brei".

Me synest du Ekerhovd, skal ta omsyn til at du er "på besøk" her i Fusa. Du skal vere presten for oss alle i Fusa. Me har ikkje mange andre prestar å velgje mellom dersom me ikkje synest alle fobiane dine er greit, me lyt ta til takke med deg anten me vil eller ikkje, og det lyt også dei homofile. Kvifor heller ikkje vise litt storsinn og miskunn? Eg trur at du blir tilgitt av "han dar oppe" ved rekneskapets slutt ved Perleporten.

Reservarsjonsrett for ditt og datt

Du snakkar så flott om "reservasjonsrett", at prestar skal ha reservasjonsrett for ditt og datt som ikkje heilt passar presten. Du skal hugsa på at me har ikkje resvervasjonrett mot prestar. Som nemnd lyt me ta "til takka" med deg anten me vil eller ikkje, til tross for at det er "vår" kyrkje.

Den 6. desember skal me ha dåp i familien vår, noko me i utgangspunktet ser fram til. Men me synest sjølvsagt at din lite homofil-venlege haldning er vanskeleg. Me har lenge vurdert å flytte dåpen til dømes til Strandebarm, men ynskjet om å bruke kyrkja vår i Hålandsdalen veg tungt for oss. Men sjølvsagt, er det trasig at me då skal ha ein prest som står for ein kristendom me ikkje kjenner oss att i.

Men etter å ha tenkt oss om: Me skal vise deg meir miskunn enn du sjølv klarar å vise andre. Me skal bruke deg som prest, for vår dør er høg og brei, ikkje fordømmande og avvisande. Me skal rett og slett vere eit døme for deg, for du treng rettleiing på Jesu smale sti du og.

Artikkelen held fram under annonsen.

Viggo Nonås & Åse Kr. Uglehus