Tid for å satsa miljøvenleg
Verdas miljødag 5. juni er ei påminning om å ta klimasituasjonen alvorleg.
Klimaendringane er for lengst i gang, og det er liten tvil om at dei er menneskeskapte. Det er tid for å handla, også lokalt. Vi treng ei grøn utvikling i Os. Dette tyder m.a. meir miljøvenleg transport. Det må bli enklare og rimelegare å reisa kollektivt, og brua over Bjørnefjorden bør for alltid vera eit luftslott. Sikring og utvikling av E16 og Bergensbanen må i staden forserast, flommen i fjor haust og rasa no i mai syner behovet, om nokon skulle vera i tvil.
Artikkelen held fram under annonsen.
Os kommune må forsera bygging av gang- og sykkelvegar, når blir det ferdigstilling av parsellen få Irgenskrysset mot Ulvenflaten? I areal-planlegginga må bustadområda sikrast tilgang til offentleg transport og naudsynte tenester og sørvistilbod.
Os kommune må setja kraftig trykk på gjennomføring av dei gode tiltaka som er føreslegne i klima- og miljøplanen. Kommunen må gå føre med gode eksempel, som å nytta biobrensle, helst lokalt produsert, til oppvarming og transport. Det nye hovudavløpsreinseanlegget er planlagt berre med primærreinsing, dette er dårleg miljøpolitikk. Ved å ta nye tekniske løysingar i bruk kan det produserast biogass og gjødsel av kloakken, og utsleppet til sjø kan reduserast vesentleg. Dette treng ikkje bli fordyrande, tvert imot kan smarte løysingar gi reduserte kostnader og inntekter.
Ein berekraftig miljøpolitikk krev også systemendringar, det er sterke motkrefter som ser økonomisk gevinst i vidare forbruksvekst, utan omsyn til verdas ressursar.
Os SV markerer verdas miljødag med stand på Amfi fredag. Her kan folk også få møta dei to første på SV-lista til kommunevalet i haust, Oddne Bjørnør Horg og Ada Hansson.
Inge Hjertaas
Os SV