Telttur i ruskevêr
Barnas turlag er som kjend ikkje lettskremte. Difor drog dei laurdag på telttur til Raudlio.
Då dei kom fram til Raudlio tidleg på ettermiddagen, var det framleis strålande sol og fint vêr, men Celina (11), Eilif (10), Sander (7), Siri Anne (4), Pernille (2) og Elida (2) hadde høyrt rykte om at det snart skulle bli verre.
Det hadde også dei fem vaksne som var med: Kjetil Nygård, Jutamas (Bee) Nygård, Tom Erik Østbye, Hans-Jørgen Lekven og Elin Bauck Backer.
Artikkelen held fram under annonsen.
Telt og bål
Gjengen sette opp telt og lavvo på plassen mellom ytste og indre Raudli-vatna. Deretter tok dei ein tur med ungane for å finna eit passande tre til å laga bål av. Då bålet så var tent opp, var det på tide med grilling.
Slusene opna seg
Men då byrja ruskevêret. Det var ikkje anna å gjera enn å setja opp ein gapahuk bak sitjeplassen for ikkje å regna vekk. Og ungane hadde "fest" med grilling, laurdagsgodt og leik i skogen fram til leggetid.
Padla kano
Neste dag vakna dei fyrste klokka seks og byrja å hogga ved og laga bål. Etter kvart kom også dei andre sigande ut av telta sine. Ein fekk velja mellom frukost på stormkjøkken eller grilla pølser.
Klokka 10 vende små og store nasen heimover igjen. Dei fleste gjekk, men Kjetil, Celina og Pernille padla kano.
Då ungane vart spurt om dei hadde lyst til å sova i telt fleire gonger, var svaret "JAAAA!!!".