Barbra Røttingen er glad for at det vert lova at kvar og ein politikar i Høgre i kveld skal få stemma etter kva dei sjølv føler i bru-saka.
Barbra Røttingen er glad for at det vert lova at kvar og ein politikar i Høgre i kveld skal få stemma etter kva dei sjølv føler i bru-saka.

Takk, ordførar Marie Bruarøy

Dersom lokaldemokratiet skal fungera er me avhengige av at kommunestyrerepresentantane lyttar til folket som har stemt dei inn, og ikkje berre til partitoppane i Oslo, skriv Barbra Røttingen.

LESARBREV: Høgre og Framstegspartiet med Marie Bruarøy i spissen har heilt sikkert hatt hektiske og tøffe dagar i brusaka. At så mange av folket som har stemt dei inn i kommunestyret no seier dei kjenner seg svikta, arrangerer fakkeltog mot vedtaket kommunestyret er i ferd med å ta, og lagar underskriftskampanje som på knappe to døger har fått over 1500 underskrifter, viser kor sterkt dette engasjementet er. Ingen politikar kan vera uberørt av noko slikt.

Det er difor flott at Bruarøy no stiller dei folkevalde representantane frå partiet fritt til å stemme etter si eiga overtyding.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kvar politikars rett

Då «Os og Fusaposten» spurde ho i dag om ho ville nytta "partipisken" på kollegaene sine i Høgre, svara ho slik:

«Dei som har følgd lokalpolitikken i Os veit at Høgre ikkje praktiserer den slags. Eg har sjølv ytra meg imot kva andre innad i partiet har meint. Det er kvar enkelt politikar sin fulle rett»

Det er fantastisk flott at den nye ordføraren vår uttrykkjer dette så klårt og tydeleg før kommunestyremøtet i dag.

Dersom lokaldemokratiet skal fungera er me avhengige av at kommunestyrerepresentantane lyttar til folket som har stemt dei inn, og ikkje berre til partitoppane i Oslo.

Då får me berre stola på at representantane i kommunestyret lyttar til folket sitt og ikkje let seg styra av andre krefter.

Barbra Røttingen