Sviktande gangsyn, Gangstø?
Elevar som ikkje har det bra må få hjelp, men det må skje på annan måte enn å ta frå det store fleirtalet av elevar som opplever trivsel, meistring og læring, retten til nærskule, skriv Lin Cathrin Anthun i dette lesarbrevet.
LESARBREV: I sitt lesarinnlegg i «Os og Fusaposten» 19. august melder 5. kandidat for Fusa KrF, Oddvar Gangstø, seg på i debatten rundt sentralisering av skulane i Fusa. Det er flott for demokratiet at me har eit grundig ordskifte i denne saka, men når Gangstø brukar mitt tilsetjingsforhold i Hordaland fylkeskommune i eit forsøk på å argumentera for sentralisering, ja, då meiner eg gangsynet har svikta.
Gangstø gjev inntrykk av å vita mykje om mine arbeidstilhøve, eg veit lite om hans og ynskjer ikkje å seia noko om i kva grad han har hektiske arbeidsveker eller ikkje.
Artikkelen held fram under annonsen.
For min eigen del har eg ikkje problem med å fylla veka. Med fire forskjellige fag, undervisning i fem klassar med eit gjennomsnitt på 29 elevar i kvar klasse, som alle skal ha individuell rettleiing og vurdering, veit eg alt om kor travelt det kan vera å jobba som lærar. Eg tvilar ikkje på at lærarane på barneskulane i Fusa òg har travle dagar, men noko byte slik Gangstø føreslår, let seg nok ikkje gjera, då eg med mi universitetsutdanning ikkje er kvalifisert for arbeid i barneskulen.
Heldigvis er det ikkje naudsynt å henta inn ukvalifisert arbeidskraft til skulane i Fusa, i vår var det eit overskot av kvalifiserte søkjarar til ledige lærarjobbar, og alle skular har pedagogar i lærarstillingar. Det tyder vel på at det enkelte uttrykkjer om at det er vanskeleg å rekruttera lærarar til Fusa utan å sentralisera skuledrifta, er svært ugrunna.
Mange har retta fokus mot dei få elevane som av ulike grunnar har vanskar med det sosiale samspelet i elevgruppa, og då er det ofte sine eigne opplevingar som elev eller føresett ein tar utgangspunkt i. Det er sjølvsagt at alle skal ha rett til å trivast på skulen, men det viser seg at ved mistrivnad og sosiale vanskar hos enkeltelevar, er problema langt meir samansette enn skulestorleik. Dei aller fleste elevane trivst på skulen i Fusa kommune, noko elevundersøkingane har vist over fleire år. Elevar som ikkje har det bra må få hjelp, men det må skje på annan måte enn å ta frå det store fleirtalet av elevar som opplever trivsel, meistring og læring, retten til nærskule. Med dagens skulestruktur vil enkeltelevar også kunna byta skule for å sjå om miljøbyte kan avhjelpa dei sosiale vanskane. Det er ikkje alltid dette løyser problema, men kva alternativ har ein dersom ein elev ikkje trivst på den store skulen?
Gjennom sitt innlegg rettar også Gangstø merksemda mot min og andre sin argumentasjon vedrørande skuleveg. Han hevdar at berre 20% av elevane ved Nore Fusa skule går eller syklar til skulen. Byrjar ein å reknaetter er nok talet ein god del høgare, men eg er uansett einig i at langt fleire burde gått eller sykla til skulen. Det er derimot ikkje eit argument for å sentralisera skuledrifta i Fusa. Sidan mange allereie tar buss til skulen bør alle gjera det. Kva slags argument er det i ei tid der hovudfokus i verda er å redusera utslepp av klimagassar og lokal forureining? Når ein også veit at folkehelsearbeid har stort fokus både nasjonalt og kommunalt, bør ein heller spørja seg korleis ein kan leggja til rette for at fleire går til skulen. Til dømes kan mindre tiltak som redusert fartsgrense og enkel oppmerking av gangareal langs vegbanen gjera det tryggare for fleire å gå til skulen.
Gangstø og andre prøver å få det til å sjå ut som at me som ynskjer levande bygder og auka tilflytting i heile kommunen, vil kutta i budsjetta til skulen. Det vil me ikkje, eg skal gjerne vera med på å auka rammene til skulen, og trur at ein kan redusera kommunen sine utgifter ved å prioritera kjerneoppgåvene. Ei av dei viktigaste oppgåvene er skuledrifta og så lenge bygdene ønskjer å støtta opp om nærskulen, trur eg ikkje ein skaper meir meistring, læring eller trivsel verken for elevar eller andre ved å sentralisera.
Lin Cathrin Anthun