Enkelte av Reinhard Haverkamp sine skulpturar som frå laurdag blir å sjå ved Vedholmen galleri, vil bli ståande ute, der dei får liv alt etter ver- og vindforhold.
Enkelte av Reinhard Haverkamp sine skulpturar som frå laurdag blir å sjå ved Vedholmen galleri, vil bli ståande ute, der dei får liv alt etter ver- og vindforhold.

Svevande skulpturar i Øyane

Skulptør Reinhard Haverkamp elskar å leika med form og materiale. Onsdag monterte han ein av sine "svevande" skulpturar på øya utanfor Vedholmen Galleri, der han laurdag opnar si siste separatutstilling.

Ved hjelp av skinnande metallrør, tynn jerntråd og bøygde stålpinnar skaper Reinhard Haverkamps sine svevande formasjonar.

Skulpturane hans smykkar ut ei rekkje offentlege bygg, der i blant AdO arena og vestibylen til Amalie Skram Skole i Bergen.

Artikkelen held fram under annonsen.

No tek han med seg skulpturane sine, både små miniatyrar og større installasjonar, til Galleri Vedholmen.

- Vi er svært glade for å få Reinhard Haverkamp tilbake hit, seier gallerieigar Vibeke Harild.

Ein av skulpturane han viser har tidlegare stått i hans eigen hage, og har aldri vore viste offentleg.

Utstillinga «OPPSPENN» som består av skulpturar og "mobilar" (bevegelege/svevande skulpturar) opnar laurdag og blir ståande til søndag 30. oktober.

Dagleg leiar av «VISP - produksjonsenhet for visuell kunst», Aslak Høyersten, held opningstale ved vernissasjen. Det blir også musikk ved Kongshaug Musikkgymnas.