Surt tap mot Herd
Os tok leiinga og var stundom det beste laget mot Herd. Desverre var gjestane mest effektiv og tok alle poenga med seg heim til Møre.
Os starta svært bra mot gjestane frå Møre på Kuventræ laurdag. Dei gul-svarte hadde ballen mykje og skapte fleire halvsjansar, før dei etter 17. minutt fekk hol på byllen, etter eit flott skot av Marius Mikkelsen.
Desverre for osingane kvitterte gjestane kort tid etter på sin første store sjanse i kampen.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Det var litt slik kampen forløp. Me hadde ballen, dei låg lågt og kompakt og var farlege når dei først sette fart, kommenterer spelande Os-trenar, Hassan El Fakiri.
Høge skuldre
Etter utlikninga vart spelet til Os noko meir stakato. Spelarane tok færre initiativ, og få vågde å halda på ballen og venta på bevegelse nummer to og tre.
– Eg merkte det litt i dag. Folk var litt nervøse. Det er forståeleg, men er det noko me må leggja frå oss framover no, så er det det. Me kan ikkje tenkja for mykje. Me må ikkje gløyma å spela fotball og prøva å ha det moro, seier trenaren.
Herd tok leiinga 2-1 i det 66. minutt, men Os kom tilbake etter at Christoffer Hafsås fekk tåa på eit innlegg. Etter det stod kampen og vippa fram til det 87. minutt. Då gjekk gjestane opp i 3-2-leiing.
Os fekk også ein straffe etter, men då Hafsås bomma her, vart det med null poeng for dei gulsvarte.
Tøff finalerace
Dermed blir det ein tøff kamp for Os å sikra kontrakten i 3. divisjon. Laget ligg i skrivande stund på 9. plass, men blir kanskje passert av Førde om dei vinn mot Aalesund 2 på måndag.
– Det blir ei tøff avslutning, men alt er opp til oss sjølv. Me må berre halda fram å jobba for å ta poeng i dei tre siste kampane, konstaterar trenaren.
Dei siste kampane til Os er borte mot Haugesund 2 og Aalesund 2, før dei avsluttar heime mot Brattvåg.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Kva lag desse andrelaga stiller med kan me ikkje bruka energi på. Me må jobba så godt som me gjorde mot Brann 2, så er poeng mot desse laga fullt mogleg, seier Fakiri.