Strikkekveld med bestemor
Det var mange besteforeldre i klasserommet då 4a og 4b hadde strikkekveld på Kuventræ barneskule sist onsdag.
Mellom 80 og 100 personar var samla på musikkrommet til strikkekveld. Mange av elevane hadde med seg besteforeldre som lærte dei å strikka. Vi song bursdagssongen til farmora til Sindre. Det var også to fedre som lærte seg å strikka. Nokon lagde panneband og nokon lagde pulsvarmarar.
Dei vaksne laga til koldtbord med mykje god mat. Det vart masse prat og strikking rundt borda. Det var koselig å bli kjende med kvarandre.
Artikkelen held fram under annonsen.
No blir det strikking både i friminutt og kunst- og handverkstimar på Kuventræ barneskule. Kanskje noko hamnar under juletreet?