Streng, men rettferdig
Ho har fått høyra at ho er streng, men rettferdig, den nye inspektøren ved Os ungdomsskule. - Finare kompliment kan eg ikkje få, smiler Anne Solberg Andersson (36).
Anne Solberg Andersson har såvidt rukke å flytta inn på det nymåla inspektørkontoret i tredje etasje på Os ungdomsskule. Men etter to veker i sin nye jobb, konkluderer ho følgjande:
- Steike, for ein fin start, og ler høgt.
Artikkelen held fram under annonsen.
Den 37 år gamle osingen, for mange betre kjend som "smooth" jazzsongarinne, tok ved nyttår steget frå kateteret, til ny inspektør etter pensjonerte Borghild Borgen. Ein jobb som mellom anna inneber å ta imot sjukmeldingar og skaffa vikarar. Med andre ord, er mobilen aldri skrudd av.
- Det har gått over all forventning. Os ungdomsskule har eit fantastisk arbeidsmiljø med fleksible og løysingsorienterte kollegaer. Folk er heldigvis sporty og stiller opp, seier ho og nikkar mot ein tjukk bunke med rosa vikarlappar på kontorpulten.
Kollega med gamle lærarar
Anne er i dag inspektør på skulen der ho sjølv var elev for litt over 20 år sidan. Ho vedgår at det var litt snodig å bli kollega med gamle lærarar. Til dømes sin eigen klassestyrar Trygve Dale.
- Men det er som ein av mine gamle lærarar sa til meg: "Hugs at vi er meir like slik vi var då enn det du er". Og akkurat slik er det. Medan dei ikkje har forandra seg særleg, har eg blitt vaksen. Uansett betyr ikkje aldersskilnaden noko no lenger. Det er heilt flott å vera kollegaer, seier ho.
Skippertak
- Korleis var du sjølv som ungdomsskuleelev?
- Eg var pliktoppfyllande, men tok nok heller skippertak enn å jobba jamt og trutt med leksene.
Anne hugsar at ho nekta å ta imot hjelp frå mora som var lærar.
- Nei, eg skulle på død og liv greia meg sjølv. Sett i ettertid hadde det nok vore lurt å få litt hjelp av og til, vedgår ho.
Artikkelen held fram under annonsen.
Anne hadde det ho kaller ei fin og aktiv ungdomstid med mange vener. Sjølv om ho veit at ikkje alt var like rosenraudt, trur ho det er tøffare for dei som er unge i dag.
- Ungdomar har alltid vore under press, men i dag er det press på andre ting enn det eg sjølv opplevde. Det er forventningar frå foreldre, vener, skulen og fritidsaktivitetar. Og så er det presset frå sosiale medier på toppen av det heile.
Glad i ungdom
Anne er ekstremt glad i ungdom. Det er berre å nemna klassen hennar, så renn godorda over. Eller gamle elevar, eller nye elevar.
- Mange synest tenåringar er vanskelege og skumle, men ikkje du?
- Nei, for det fyrste så er mange av dei opne og herleg ærlege. Dei går gjennom viktige og utfordrande år. Ein ting er at kroppen endrar seg, men også mentalt skjer det mykje. Ein får nye vener, samtidig som ein kanskje mister nokon. Det er så sårbart alt saman, og dersom eg som vaksen kan vera med og rettleia og lytta, så gjer eg med glede det, seier ho.
Anne nyttar høvet til å skryta uhemma av klassen ho har vore kontaktlærar for dei siste par åra: 9C.
- Eg er så glad i klassen min. Det er ein fantastisk gjeng. La gå at dei er masete, men samtidig så gir dei så mykje av seg sjølv, smiler ho.
Sjølv om ho eigentleg ikkje har tid, held ho fram som kontaktlærar ut skuleåret.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Eg hadde ikkje samvit til å slutta midt i skuleåret, smiler ho.
Inspektør med MOT
I tillegg til å skaffa vikarar og andre inspektør-oppdrag, skal ho framleis undervisa litt. Og ikkje minst halda fram som MOT-informatør.
- Det er kjempebra at MOT no får ein representant i administrasjonen. Det er eit arbeid eg verkeleg brenn for.
- Korleis er det å verta sjef for sine tidligare kollegaer?
- Hm, det var ein som sa: "No skal du over til dei". Og ja, det er sant at eg får meir ansvar og kanskje vil sjå ting frå ein ny vinkel. Men eg måtte berre svara at: "Nei, det er ikkje oss og dei. Det er berre oss, og vi er på same lag", seier ho bestemt.