Strålande vakre morgonar
Seks dagar inn i det nye året vert me velsigna med dei vakraste vintermorgonar me kan ønska oss.
Jula vart ikkje så idyllisk som me skulle ønska, men i den første arbeidsveka etter nyttår har osingar og fusingar fått gleda av å stå opp til fantastisk vakkert vintervêr.
Oppslukande bilet-jakt
Underteikna var eigentleg på eit anna oppdrag onsdag morgon, men vart fullstendig oppslukt av den stjerneklare himmelen, halvmånen som vinka over Liafjellet og den vinterbleike sola som så vidt hadde byrja å klatra opp bak fjella på Tysnes.
Artikkelen held fram under annonsen.
Deretter var vegen kort til å ringja og fortelja at eg kom litt seinare på kontoret...
Temperaturen viste ni minusgradar i Os onsdag morgon. I dagane framover vert det framleis kaldt stabilt vêr i området. Både i Os og Fusa er det også meldt sol til og med laurdag. Til helga vert det noko mildare, men neste veke er det meldt om kuldegradar igjen.
Fang augneblinken
Med så gode vêrutsikter framover inviterer me herved lesarane våre til å senda stemningsbilete frå der de bur eller der de går tur. Morgon- dag eller kvelds-bilete tek me i mot med stor glede. Vêr vaken, fang augneblinkane og del dei med oss, så kan me laga ein bilet-serie frå dei to vakre vinterkledde bygdene våre.