Stormannsgalskapen tek overhand
Kor lenge skal vegingeniørar og byråkratar med velsigning frå politikarane få lov til å leika seg med fantasiprosjektet sitt, Bjørnafjordsbrua?
Eg syner til det som stod i Os og Fusaposten laurdag 26. september, der prosjektleiaren for fjordkryssingar langs E39, Mathias Eidem legg fram eitt av fleire luftslott som vart presentert under E39-konferansen i Trondheim nyleg. Dette er eit pengesløseri utan like. Det er nok av vegutbetringsprosjekt å bruka skattepengane våre på, i staden for å kasta dei ut vindauga på denne måten.
Livreddande tiltak i staden for prestisjeprosjekt.
Artikkelen held fram under annonsen.
Rasutsette vegar
Utfordringane for vegstyresmaktene står i kø, ikkje minst her på Vestlandet. Då tenkjer eg på alle dei rasutsette vegane våre. Seinast no i sommar fekk me ei påminning om dette då raset gjekk ved Vaksdal på E16. Mange foreldre og besteforeldre lyt dagleg gå og anka på born og barneborn på veg til og frå skulen. Det er også dokumentert at me har mange brannfarlege tunellar, så det er nok av tiltak å bruka vegmilliardane på. Å skryta av rekordar som verdas lengste bru og djupaste tunell, synest å vera mykje viktigare for vegstyresmaktene og vegingeniørane enn å bruka pengar, tid og krefter på livreddande tiltak langs vegane.
Ta i bruk sjøvegen
Mykje av tungtrafikken mellom Stavanger- og Bergensområdet er transport av oljerelatert materiale. Svært mykje av denne tungtrafikken kan fjernast frå vegane ved å ta i bruk skipsleia, som ligg der nærast vedlikehaldsfri. Med den nye teknologien som fins i dag, kan godstrafikken føregå med miljøvenlege fartøy. Då er det ikkje trong for gigantiske 4-felts vegar. 2-felts vegar med midtdelar held i massevis, og me kan leva godt med ferjedrift også i framtida.
Ved å pressa fram bruprosjektet over Bjørnafjorden legg styresmaktene opp til ei mangedobling av trafikken for at eit slikt bompengeprosjekt skal vera rekningssvarande. Dette er stikk i strid med dei miljøtiltak som må til for at komande generasjonar skal få levelege tilhøve på denne kloden.
Turisme - eit satsingsområde
Turisme er viktig for landet vårt, og her ligg eit stort potensiale for å auka verdiskaping både lokalt og nasjonalt. Ein av bestseljarane er dei vakre vestlandsfjordane. Turistane kjem ikkje for å oppleva støyande trafikkmaskiner, det har dei meir enn nok av der dei kjem frå. Det er storslagen og urørd natur, ikkje minst den vakre Bjørnafjorden med Folgefonna som bakteppe, som vil vera attraktivt.
Galskapens monument
Når me no tek ein fisketur på fjorden, ligg bøyane for innsamling av vind- og bylgjedata og kastar skuggar over det vakre fjordlandskapet vårt. Tanken på at eit slikt uoppretteleg natur- og miljø-øydeleggjande tiltak kan pressast gjennom, legg ein dempar på den gode opplevinga det er å liggja på Røtingafluo og fluaskallen og fiska.
Lat oss samla alle gode krefter fram mot Stortingsvalet om to år, for å få skifta ut politikarane som set miljøet til sides i sin higen etter å pressa gjennom prestisjefylte gigantprosjekt. Eg har framleis tru på at fornuften vil sigra til slutt, også i denne saka.
Jostein Røttingen