Sprang for livet på Kuventræ
Elevane ved Kuventræ skule brukte heile fredagen til å springa. For kvar runde på stadion, vart sponsorane fattigare og Redd Barna rikare.
- Mamma, pappa, mormor, ei kusine, to tanter, farmor, farfar, Beate og Andrine har skrive seg på lista, seier Mathias Andersland Hjørnevik (10) triumferande. Han har nettopp fullført ti rundar á 400 meter på Kuventræs nye friidrettsanlegg. For kvar runde må sponsorane ut med ein på førehand avtalt sum til Redd Barna.
Høljeregn
Initiativtakar er Karina Otneim, klassekontakt for 5B. Ideen henta ho med seg frå sin tidlegare arbeidsplass, Eidsvåg skule.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Vi samla inn over 30.000 kroner i fjor, smiler ho medan ho heiar elevane sine fram.
Typisk nok høljeregnar det.
- Men det er ingen som klagar, seier lærar Christine Lund Halland.
- Ein av elevane spurte om vi skulle springa i dette regnet. Han fekk kontant svar frå ein medelev om at flyktningane jo må springa i all slags vêr. Då var det liksom ikkje noko meir å diskutera, seier ho.
Elevane skal springa så langt dei greier på 30 minutt. Medan 1. - 4. klasse har fått litt kortare rundar på krøllgraset, må 5. klasse og oppover til pers på sjølve stadion.
Skvulp!
Etter fem rundar er det nesten så ein kan høyra skvulpelydane i joggeskoa. Likevel vert regnjakkene kasta, ei etter ei. Det er varmt, må vita!
Jakob Nygard og Simen Haglund leier an og passerer fyrst, runde etter runde. Verken melkesyre eller søkkvåte panneluggar ser ut til å øydeleggja for konkurranseinstinkt og pågangsmot.
På sidelinja står lærarane og ei mor og heiar.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Blir det dopingtest etter løpet?
- Haha, nei, det har vi ikkje det. Vi stolar på elevane våre, men dei fekk nok litt ekstra energi frå den gode lunsjen vi hadde før vi begynte, ler Karina.
Etter ein halv time er det stopp. Simen greier 15 rundar og vert klassens beste. Så langt er det ei jente i 6. klasse som har rekorden med 17 rundar.
Hiv etter pusten
Alette legg seg på bana så lang ho er og hiv etter pusten, glad for å vera ferdig.
- Du var kjempeflink, seier Karina og hjelper henne opp.
Så står det att å sjå kor mykje pengar elevane greidde å samla inn. Sikkert er det at mange foreldre og besteforeldre lyt ut med meir enn dei hadde tenkt.
- Vi har hatt sponsorar som har feilberekna litt og lova 100 kroner per runde. Poenget er ikkje at folk skal blakka seg, vi blir glade for kvar krone, om det er mykje eller lite, seier Karina.