Spanjolen med alle humrane
Det er 25 år sidan Jorge Juan Andres Castaño flytta til Noreg og blei introdusert for hummarfiske. Det er blitt hans store lidenskap.
- Aldri har eg hatt ein så god start på hummarsesongen som i år, seier Jorge før vi skal ut å trekkja dagens teiner.
Hummarsesongen startar 1. oktober, og særleg dei første vekene er spanjolen ute kvar einaste dag.
Artikkelen held fram under annonsen.
På dei to første dagane av sesongen fekk Jorge til saman heile 12 humrar på totalt 20 teiner. Også tysdag hadde den røynde hummarfiskaren hellet med seg. Fire humrar måtte rett nok tilbake i sjøen då dei hadde utvendig rogn, eller var under 25 centimeter, som er minstekravet i storleik. Men ytterlegare to humrar blei fiska opp. Desse fekk vera med attende til land.
Rekordstarten på sesongen kjem litt overraskande på Jorge, som fortel at han sjeldan har sett så mange teiner på sjøen som i år.
- Det er heilt vilt. Teinene ligg overalt og tett i tett. Nokre stader ligg dei nesten oppå kvarandre, seier han.
Lærte av svigerfaren og svogeren
Jorges første tur på hummarfiske var saman med svigerfaren og svogeren hans, som har lært han alt han trengte å læra.
- Dei er veldig ivrige fiskarar. Eg lærte fort av dei, seier Jorge.
Det første året i Noreg var han arbeidslaus, og hadde mykje tid til overs, så han starta å fiska.
Sidan har han vore frelst. Reglane for hummarfiske har endra seg med åra, det har ikkje spanjolen noko imot.
- Det var andre tider då eg starta i 1991. Humrane var mindre, og det var mange færre som fiska. Då fekk vi fiska heilt til starten av mai, i stadenfor slutten av november som reglane seier no. Det respekterer eg. Det hjelper med andre fredningstider. Eg får meir hummar no enn nokosinne, seier Jorge.
Artikkelen held fram under annonsen.
Får mykje rart i teinene
Etter å ha sjekka ei teine, flyttar gjerne Jorge båten eit par meter før han senkar ho på ny.
- Humrane pleier å stå mykje i ro. Difor er det stor sjanse for at eg får fangst berre ved å flytta litt på teina. Eg kan fiska i lang tid på om lag same stad, seier han.
Det er ikkje berre hummar som går i teinene. Det er også mykje småfisk, sjøstjerner og krabbar. På tysdagens tur fekk vi rikeleg med krabbar, men dei fleste var lite mat i.
- Dei har ikkje fått ete nok i sommar, då er det ikkje mykje mat i dei.
Tek med hummar til Spania
Fangsten Jorge får i løpet av sesongen, blir anten til middagsmat for familien eller til større festmåltid. Jorge er utdanna kokk, og jobba tidlegare nokre år på Solstrand Hotell & Bad der han lærte mange gode triks om hummar og andre rettar. Han liker å laga ein gryterett som han heiter bogavante på spansk. Delar av fangsten blir frosen ned og teken med ut av landet.
- Kring juletider plar vi reisa til Spania slik at også familien der får kosa seg med hummar. Det er ein fin tradisjon som vi har, seier Jorge.
Reglar for hummarfiske:
Felles minstemål for hummar i heile landet er 25 cm. Hummar skal målast frå spissen av pannehornet til bakre kant av midterste symjelapp (halen).
Hummar er berre lovleg å fiska med hummarteiner. Hummar teke med anna reiskap skal setjast tilbake i sjøen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Fritidsfiskarar kan fiska etter hummar med inntil 10 hummarteiner. Avgrensinga gjeld også per fartøy.
Hummarfiske i Hordaland startar 1. oktober klokka 08.00 over heile landet, og varer fram til og med 30. november.
Hummar med utvendig rogn er freda heile året.
Det er også reglar for korleis hummarteina skal vera:
Det skal vera minst ei sirkelforma fluktopning på kvar side av reiskapen. Opningas diameter skal vera minst 60 millimeter.
Opninga skal vera plassert helt nede ved botn av reiskapen, men ikkje lenger nede enn at det blir fri passasje gjennom opningane når reiskapen står ute for fangst.
Sanke- og samle- og hummarteiner skal vera tydeleg merka med eigars namn og adresse.
Kjelde: Fiskedirektoratet.