Me treng ein dag i veka fri frå det daglege stresset, meiner MDG.
Me treng ein dag i veka fri frå det daglege stresset, meiner MDG.

- Søviknes vil kjempa for søndagsopne butikkar

Søndagsopne butikkar er skadeleg for klima og miljø, fører til press for større forbruk og trugar viktige fellesskapsverdiar i samfunnet, meiner MDG.

LESARBREV: Me i Miljøpartiet Dei Grøne er glade for at eit fleirtal av formannskapet i Os seier nei til søndagsopne butikkar. Det er urovekkjande at Søviknes (Frp) likevel på sentralt hald ikkje vil fremja synspunktet som fleirtalet i formannskapet går inn for.

I Os og Fusaposten 3. juni seier han: "Eg har tenkt å gjera det heroiske grepet å sørgja for eit borgarleg fleirtal ved å gå inn for Venstre sitt framlegg (på landsplan, journ. mrk.) som går ut på at dette bør bestemmast lokalt". Det er kjent at Venstre sitt standpunkt om at den einskilde kommune skal få avgjerda dette, i praksis fører til fullt frislepp for sundagsopne butikkar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ei liberalisering av lova om heilagdagar og heilagdagsfred bryt med ein tusen år lang tradisjon. Sundagen som kviledag eller annleisdag er viktig for heile samfunnet. Det er fleirtal for dette både i folket og mellom tilsette og arbeidsgjevarar i handelsnæringa. Me treng ein dag i veka fri frå det dagleg stresset.

Me er i denne saka heilt på linje med Jakob Enerhaug (KrF) som til Os og Fusaposten 30. mai seier: "Denne endringa er ikkje etterspurt, er dårleg grunngjeve og legg press på arbeidstakarar, familiar og frivillig arbeid".

Me er glade for at Venstre i Os så klart går mot dette. Men Venstre sitt landsmøte ville det annleis. Slik det no ser ut, kan Venstre koma til å sørgja for at regjeringa, no også med støtte frå Søviknes, vil kunna få vedteke eit forslag om søndagshandel.

Mange, sjølv Høgre sin eigen arbeidspolitiske talsmann, Arve Kambe, har åtvara mot dette.

Kommunestyret i Os skal ta stilling til saka på møte 16. juni. I formannskapet var det representantar både frå Høgre og Frp som stemte mot å opna for generell søndagshandel. Me vonar dei får mange med seg slik at blir eit klart fleirtal mot dette også i kommunestyret. Os kan då bidra til at Erna Solberg, etter høyringsrunden, tar til fornuft og trekkjer forslaget som eit fleirtal i folket, arbeidsgjevarar og arbeidstakararar i bransjen er i mot.

Miljøpartiet Dei Grøne, både sentralt og lokalt, arbeider sterkt for å unngå at forslaget blir gjennomført. Søndagsopne butikkar er skadeleg for klima og miljø, fører til press for større forbruk og trugar viktige fellesskapsverdiar i samfunnet.

Nils-Anders Nøttseter

Gunnar Kvåle

Artikkelen held fram under annonsen.

Miljøpartiet Dei Grøne