Ei omvising i museet vart ei spanande reise attende i tida. Gjennom ein film fekk vi innføring i historia rundt fabrikken.
Ei omvising i museet vart ei spanande reise attende i tida. Gjennom ein film fekk vi innføring i historia rundt fabrikken.

Sommartur med Os Senioruniversitet

Oppleving av natur og kultur i andre kommunar i Hordaland, er blitt eit «varemerke» for sommarturane med Os Senioruniversitet. Turen 6.juni i år var ikkje noka unnatak.

Denne gongen trilla dei to bussane med deltakarar gjennom heile fire kommunar; Bergen, Lindås, Austrheim og Radøy.

Livskraftig samfunn

Første stopp var Salhus. Opphavleg ein stad med berre "sjø og fjell" som frå midten av 1800-talet på få år vart omskapt til eit livskraftig samfunn rundt trikotasjefabrikken som starta opp i 1859 og var i sving til 1889. No er det Norsk Trikotasjemuseum vi finn i lokala der verksemda var.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ei omvising i museet vart ei spanande reise attende i tida. Gjennom ein film fekk vi innføring i historia rundt fabrikken. Han var ein av fleire bomullsspinneri som starta då folkeveksten på 1840-talet la eit stort press på det tradisjonelle jordbrukssamfunnet og gjorde det naudsynt at nye verksemder voks fram. Maskiner gjorde det lønsamt med underklede laga på fabrikk framfor å laga dei heime.

Bomull vart dei første åra importert frå Amerika. Men då den amerikanske borgarkrigen sette stopp for utskiping av bomull, gjekk fabrikken over til å nytta ull i produksjonen. Og ull skulle vidare bli den viktigaste råvara for framstilling av kleda frå fabrikken i Salhus. «Krone-makko» vart kjend som førande merkevare for gode underklede.

Konge i Salhus

Formidlingkoordinator ved Norsk Trikotasjemseum orienterer om trådmaskinene.
Formidlingkoordinator ved Norsk Trikotasjemseum orienterer om trådmaskinene.
I spinnehallen.
I spinnehallen.
På syloftet.
På syloftet.
Avreise frå Westland Hotell. Matrefjella i bakgrunnen.
Avreise frå Westland Hotell. Matrefjella i bakgrunnen.
Under bakken er det bygd eit stort nettverk av "cavernaer" - tankar til oppbevaring av råolje til han kan seljast til god pris.
Under bakken er det bygd eit stort nettverk av "cavernaer" - tankar til oppbevaring av råolje til han kan seljast til god pris.

Gjennom filmen fekk vi òg møta menneske som hadde arbeidd i fabrikken på midten av nittenhundretalet. Dei fortalde levande om sjefen Emil Clausen, som leia verksemda frå 1909 og i mange tiår framover og var som ein konge i Salhus; "Møtte du han, var det berre å stoppa opp og neia!".

Dei lét oss få eit innblikk i det aktive og levande samfunnet der det i tilknyting til fabrikken var reist både hus for arbeidarar, kyrkje og skulebygg. Og der ein var sikra jobb for livet om ein som 14-åring fekk seg arbeid på fabrikken.

Fabrikken gjekk godt fram til 1970-talet. Dei harde trettiåra kom ikkje til Salhus, men i krigen mangla ein råstoff og tyskarane beslagla hus. Tida like etter andre verdskrigen vart ein gullalder. I sekstiåra var 357 tilsette i fabrikken, 300 på tilhøyrande veveri og 60 i ei mindre trikotasjeverksemd.

På syttitalet kom omslaget og nedgangstider. Som ein mann sa på filmen: "Då dei henta inn konsulenthjelp, skjøna vi kor det bar hen! Konsulentar tyder problem i drifta".

Og i 1989 var det heilt stopp. Heile samfunnet stilna på mange måtar, butikkar forsvann, og dei fleste bebuarane i Salhus arbeider no lenger inne i Bergen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Omvising i fabrikken

Etter filmen fekk vi ei omvising i fabrikklokala der maskiner framleis står, vert tekne vare på og kan setjast i gang for å demonstrera korleis dei fungerer. Nokre av desse vart starta, og vi fekk sett både korleis ull vart karda, tråd tvinna og korleis strømper vart strikka - som lange, rundstrikka band som etterpå vart klippa opp og sydde saman. Og vi høyrde om menn som dei ansvarlege for karding og spinning, medan kvinnene tok seg av det meste av strikkinga og arbeidet på systuene. Imponerande og interessant synleggjering av det som ein gong var ein grunnleggjande verksemd både i Salhus og andre stader i Norge.

- Overveldande

Over Nordhordlandsbrua, og vi kom inn i grønkledd Lindås der vi i det gamle kommunesenteret fann fram til Westland hotell og kunne nyta ein herleg middag med laks med grønsaker og eplekake med is, samstundes om vi hadde gleda av storslagne utsyn både vest- og austover.

Mongstad var neste stopp. Tilsvarande Salhus - men hundre år seinare - vart òg denne verksemda på i alt 9.000 mål, bygd opp der det i tidlegare tider berre var natur. Og framleis finn vi ei hjortestamme på rundt 20 dyr inne på den 2.700 mål store inngjerda basen.

Ved porten inn til basen kom guidane våre om bord. I vår buss infoleiar Tjore som hadde "alt" om verksemda i hovudet.

Men først sikringar: Alle lightarar og fyrstikker vart samla inn, namn på deltakarane kontrollerte og tryggleiksrutinar gjennomgått. Så vart porten opna og bussen rulla inn.

Det heile var ganske overveldande.

3,2 millardar

Å tenkja seg korleis menneske bygg, opererer og kontrollerer dei mange og kompliserte installasjonane, er vanskeleg å forstå. Og sjølv om guiden var både kunnskapsrik og entusiastisk, så skulle ein ha både god kjemisk og teknisk lærdom for å få med seg alt. Men at her skjer mykje og viktig arbeid, at oljeindustrien trass i nedgangstider framleis er i full sving, at det vert lagt stor vekt på energiøkonomisering og reduksjon av CO2, at dei om lag 1000 tilsette på sjølve Mongstadbasen på fleire område opplever seg som pionerar og er stolte av arbeidet sitt - ja, om dette kan vi ikkje vera i tvil. Og overskotet frå 2015, på 3,2 milliardar kroner, er jo ikkje småpengar.

Men Tjore var tydeleg på at pengane ikkje kjem av seg sjølv.

Artikkelen held fram under annonsen.

-Det er opp til oss alle å vera effektive og å jobba godt, poengterte ho.

Ein løyndom

Under bakken er det bygd eit stort nettverk av "cavernaer" - tankar til oppbevaring av råolje til han kan seljast til god pris. Men kor mykje som her er lagra, det er ein løyndom.

Hamna på Mongstad - med 1.500 skip som kjem og går kvar år, er den største og travlaste i Norge, og berre slått av Rotterdam i heile Europa. Her kjem m.a. 200 oljetankarar i året, eit tal som er venta å stiga til 500. Det er kort veg til ope hav, noko som gjer det lett å koma til hamna.

Ferda etter køyreturen på Mongstad gjekk via Austrheim og Radøy, gjennom grønkledde, blømande landskap. Det var godt med ein kort pause ved Kjelstraumen vertshus for å strekkja på beina og nyta sola før vi tilfredse og metta på inntrykk vende heim til Os.

Lill-Karin Wallem

Os Senioruniversitet