Slik unngår du nyttårsforsett-smellen
-Ikkje overkompliser, seier Natalie Totland, som har nokre enkle, men effektive tips til korleis ein kan gjera suksess ut av nyttårsforsettet.
Natalie Totland er personleg trenar. Ho fortel at det i januar er merkbart fleire folk på treningssenteret enn i desember.
- Det er definitivt fleire folk på treningssenteret no. Slik er det kvart år.
Artikkelen held fram under annonsen.
Start roleg
Felles for mange av dei nye andleta på treningssenteret, er at dei har som nyttårsforsett å gå ned i vekt, eller å bolka opp musklar. Totland fortel at det å setja seg eit realistisk mål, er noko av nøkkelen for å lukkast.
- Anten det er talet kilo ein ønskjer å gå ned, eller talet treningsøkter i veka. Ikkje tenk at det er alt eller ingenting, og gå i gong med seks treningar i veka når ein veit at det blir vanskeleg å følgja opp. Start i det minste roleg, seier Totland.
Om ein forpliktar seg, gjerne gjennom eit veddemål, er det også større sjanse for å lukkast.
- Det kan gjerne vera nok å fortelja til folk kring deg kva du held på med. Det forpliktar på ein måte også. Det blir plutseleg meir ekte då.
Søk kunnskap
I desember er det mykje god og feit mat på tallerkenen. Kosthaldsendringar er det viktigaste for dei som ønskjer å gå ned i vekt, ikkje trening, fortel Totland.
- Resultata kjem av kosthaldet. Ingen tvil om det. Start med ei lita endring i staden for å velta om på heile kosthaldet. Et mindre godteri i veka, og meir grønsaker til middagen. Så enkelt er det i grunn. Det er ikkje hokuspokus. Ikkje kompliser det med at ein tenkjer at ein skal starta på den og den dietten, seier Totland og legg til:
- Om ein ikkje har mykje kunnskap om korleis gå ned i vekt, eller korleis trena best mogleg for å få auka styrke, så bør ein søkja kunnskap. Det er viktig.
Følgjer opp laurdagskveld
Totland har på nyåret starta ei kickstart-gruppe. 130 personar har meldt seg på, og dei skal halda på i seks veker.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Det er mange som vel ei slik gruppe for å koma i gang. Eg opplever at det er fleire som lukkast når dei tek kontakt med ein personleg trenar, enn når dei prøvar åleine. Personleg sender eg gjerne ei melding til ein person som eg ikkje har sett på ei stund, og spør kva dei driv med. Gjerne laurdagskvelden, for at dei skal kjenna litt på det. Oppfølging og forpliktingar er viktig, seier Totland og smiler.
- Finn noko du trivst med
Ein grunn til at mange ikkje lukkast er at dei går for hardt ut. Ein annan, er at dei taper motivasjonen av ikkje å sjå ønska resultat.
- Ofte er ein veldig ambisiøs og forventar meir enn det som er realistisk. Det har tatt tid å leggja på seg dei ti ekstra kiloa. Då tek det tid å få dei bort også. Sist, men ikkje minst, så må ein finna ein aktivitet ein trivst med. Om ein har høyrt at crossfit eller styrketrening er bra og kjekt, men ikkje trivst med det, så finn noko anna. Prøv symjing, eller kanskje fotball. Ikkje gjer noko berre fordi at andre tilrår det. Finn noko du sjølv vil gjera.
Skulle det bli slik at ein ikkje får tid til den eller dei øktene ein har planlagt i veka, så er det alltid rom for å trena.
- Gå ein tur på laurdagen i staden for. Ta knebøy på jobben med ein kollega. Det finst alltid rom for eit par minutt med trening. Alt hjelper, seier Totland.