Sverre Lunde Pedersen syklar ofte i grusbakken ved Lyshornet. - Det er her og ved Svartavatnet eg liker meg best når eg skal køyra bakkeintervall-trening, seier han.
Sverre Lunde Pedersen syklar ofte i grusbakken ved Lyshornet. - Det er her og ved Svartavatnet eg liker meg best når eg skal køyra bakkeintervall-trening, seier han.

Slik held han VM-forma ved like

Sverre Lunde Pedersen er ikkje redd for å mista godforma etter VM-utladinga. Onsdag køyrde han tung intervalltrening opp Lyshornet.

Han gjekk truleg sitt livs løp då han glei inn til tida 6,15,08 og kapra bronse på 5.000 m i enkeltdistanse-VM sist laurdag. Denne veka var Sverre Lunde Pedersen tilbake i Os. Men å kvile på lauvbæra har han ikkje tid til. Dagane i Os gjekk med til tøffe treningsøkter og oppkøyring til dei to store siste happeningane for sesongen - allround-VM i Berlin (5.-6. mars) og V-cupfinale i Heerenveen helga etter.

- I tysdagens BA uttrykte din skadde lagkamerat, Sindre Henriksen, at han var glad for at sesongen var over. Korleis er det med deg? Er du sliten og snart klar for ferie?

Artikkelen held fram under annonsen.

- Nei, på ingen måte. Eg er trena for å stå sesongen fullt ut og gler meg veldig til dei to neste konkurransehelgane. Medaljane i enkeltdistane-VM gav meg både vilje og motivasjon til å kjempa om nye medaljar, seier Sverre med eit lurt smil.

Passande motbakke

Torsdag fekk me vera med VM-medaljøren på intervall-trening på grusvegen opp mot Lyshornet.

- Kvifor nett her? Kva er det som lokkar deg til nett desse bakkane?

Etter fire turar med nær 10 minutt bratt motbakke, ser Sverre framleis rimeleg lite andpusten ut.
Etter fire turar med nær 10 minutt bratt motbakke, ser Sverre framleis rimeleg lite andpusten ut.
Her feirar Sverre VM-bronsen på 5.000 meter i lag med Sondre Skarli og Edel Therese Høyseth.
Her feirar Sverre VM-bronsen på 5.000 meter i lag med Sondre Skarli og Edel Therese Høyseth.

- Dei er passe bratte, og frå botn til toppen brukar eg kring 10 minutt. Det er passe for ein intervall, seier Sverre.

Han starta dagen med å sykla frå heimen i idrettsvegen til Lyse Kloster. Turen tok han nøyaktig 16 minutt.

- Passe oppvarming før intervall-øktene, smiler ein treningsklar Sverre klar for hardare tak.

- Kor mange intervalløkter blir det opp bakken no?

- No køyrer eg fem på rappen. Kvar av dei skal syklast på under 10 minutt, så med nedfarten igjen vert det sånn kring ein time med trening.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Kor hard er slike økter for deg?

- Eg ligg på kring 170 i puls og er rimeleg tett oppunder syrenivå, så det er bra tøft.

- Men heilt i kjellaren går du ikkje?

- Nei, berre nesten, ler Sverre.

Braut ein barriere

- Som vanleg er du i ferd med å avslutta sesongen betre enn du starta han, kva er du mest nøgd med så langt?

- Eg gjekk jo glipp av EM, så eg var rimeleg sugen på å gjera ein god figur i enkeltdistanse-VM. Opninga med VM-sølv på lagtempo var utruleg kjekt - veldig fin opptur for oss alle og ein herleg lagsiger. Men reint personleg var det sjølvsagt ekstra stort å ta VM-bronse på 5.000 m. Den jobben gjorde eg heilt åleine, seier Sverre.

- Du såg ikkje ut til å ha medaljesjansar då du gjekk 5.000 m i Stavanger?

- Nei, då var eg nok ikkje heilt i slag. Der tapte eg for Ted-Jan Bloemen. No i Kolomna slo eg han med to sekund. Det var ein herleg revansje, smiler 22-åringen.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det vart sagt at dette er din beste 5.000 m nokosinne. Er det det?

- Ja, det trur eg. Eg braut ein barriere då eg gjekk på 6,15 på ein bane i Europa. Tidlegare har eg som best lege på 6,19-6,20. Hadde eg gått på ei slik tid i Kolomna hadde eg blitt nummer sju, konstaterer osingen.

Ny medaljejakt

Men trass i suksessen i Russland føler Sverre på langt nær at han må forsvara noko i allround-VM. Han føler nok ein gong at han skal på jakt.

- Korkje VM-bronsen min frå allround i fjor eller bronsen min frå enkeltdistanse-VM kan nokon nokosinne ta frå meg. Difor ser eg ikkje på eit nytt VM som ein plass der eg skal forsvara noko. Tvert imot skal eg ut i ein ny jakt - ein ny jakt på ny medalje, forklarer Sverre.

- Kor sannsynleg er det at du lukkast også denne gongen?

- Eg har trua og er trygg på at eg skal klara halda forma ved like. I så måte bør sjansane vera gode, svarer Sverre.

Neste tysdag reiser han på samling i Inzell i Tyskland. Der skal han trena og gå nokre få testløp før turen etter kvart går til allround-VM i Sportforum-hallen i Berlin.