education, elementary school, learning and people concept - group of school kids with notebooks writing test in classroom over doodles
education, elementary school, learning and people concept - group of school kids with notebooks writing test in classroom over doodles

Skulepolitikk i "grøn kappe"

For Miljøpartiet Dei Grøne handlar skulepolitikken først og framst om elevane og dei som jobbar i skulen, og tilhøva dei har for læring og undervisning.

LESARBREV: I ein komplisert og sammensett kvardag er det viktig å gje born og unge tryggleik, nærleik og gode fysiske og psykiske utviklingshøve med gode rammer. Resultatorientert styring har målbare fokus på kvantitetar, men den gode læringssituasjonen handlar ikkje berre om målbarheit - den handlar om heilskapen. Miljøpartiet Dei Grøne har sterke prinsipp om mennesket i fokus, og det gjeld både eleven og læraren. Ein av dei viktigaste føresetnadane for at desse to skal ha best samspel - som skaper den gode læringa - er dei fysiske rammebetingelsane: Godt arbeidsklima, læringsklima og inneklima.

Forskning gjort av Utdanningsdirektoratet viser at betre inneklima er ein av faktorane som har mest å seia for yteevnen til elevane.

Artikkelen held fram under annonsen.

Skulesatsing?

Fylkesmannen i Hordaland har i alle fall sett seg lei av falleringa av skulebygg, og peikar på at vedlikehald ofte berre vert sett som ei utgift i kommunerekneskapen, og ikkje som kapitalvedlikehald. Fylkesmannen meiner at det gjev meir prestisje å byggja nytt enn å løyva pengar til vedlikehald av eksisterande bygg, og at det i motsetnad hadde vore billegare å hatt eit fast utlegg til vedlikehald enn å måtta ta opp dyre lån "heile tida".

Det er dette som ligg til grunn til skepsisen til Frp/H si skulesatsing. Signalbygg, symbolprosjekt, storstilt nybyggjing. For oss i Dei Grøne er det sjølvsagt at det er langt viktigare å vedlikehalda det vi har enn å la det forfalla for å så å måtte byggja nytt. Det er sunn fornuft.

Om posisjonen held fram ved makta i ein ny periode vil vi utfordra dei på å halda fram med å visa andre takter enn det dei har vist fram til dei siste par åra.

Den grøne skulen

Dei Grøne vil i kommunestyret mellom anna jobba for meir midlar til praktiske og kreative fag, sertifisering av skulane til miljøskular, få andre yrkesgrupper inn i skulen, og tilsetja faste vaskarar og vaktmeistrarar igjen. Me vil ha inn ei grense på tal elevar per lærar, og me vil at alle krinsane beheld skulane sine. Me veit at dei er veldig viktige samlingspunkt i lokalmiljøa.

Os Kommune bruker veldig lite pengar per elev samanlikna med tilsvarande kommunar. Det er klart at det vil kosta pengar å driva skulen slik me i Dei Grøne ser for oss, men me har lit på at me kan spara inn kostnadene andre stader i budsjetta. Det kjem nok neppe som noko overrasking at Dei Grøne har litt andre prioriteringar enn Frp/H, og politikk og økonomi handlar om prioritering.

Heilt til sist vil eg påpeika noko angåande nasjonale prøvar og andre testar der skulen i Os kjem uheldig ut: Me hadde scora mykje lågare om det ikkje hadde vore for alle dei dyktige Os-lærarane som til fulle utnyttar dei små ressursane dei har tilgjengeleg!

Marion Dale Wollertsen

6. kandidat

Artikkelen held fram under annonsen.

Miljøpartiet Dei Grøne, Os