Skulenedlegging - basert på kva?
Har de ein plan for dei praktiske løysingane kring skulenedlegginga? Slik det framstår no, verkar det ikkje slik og det uroar oss, skriv FAU ved Strandvik Oppvekstsenter.
LESARBREV: Ap, KrF, V og Frp gjekk til val på å leggja ned skulane i Strandvik og på Holdhus (Alt 4, Agenda Kaupang) på grunn av den økonomiske situasjonen i Fusa kommune. No var det på tide og vera økonomisk ansvarleg, vart det sagt.
Det er derfor med undring me les i Os og Fusaposten si nettutgåve følgjande uttale frå ordførar Atle Kvåle: "Sjølv om vi sikkert burde ha gjort det ut frå kommunen sin økonomiske situasjon (berre ein barneskule i kommunen), kan eg beroliga innbyggjarane i Fusa med at Ap, Frp, KrF og V ønskjer å samla alle elevane frå Fusahalvøya på ein ny, felles skule på Fusahalvøya, seier Kvåle". Han seier vidare i same artikkel at bygningsmassen på Fusa Oppvekstsenter ikkje er veldig god, og at det nok ligg an til investeringar.
Artikkelen held fram under annonsen.
Sterkt uroande
Ordføren seier jo at dei burde utifrå den økonomiske situasjonen, men let vera! I tillegg satsar dei på ein bygningsmasse som ikkje er veldig god og som fordrar ukjende investeringar. Kvar er den ansvarlege økonomiske politikken oppi dette?
Kvifor leggja ned ein skule med minimale investeringsbehov, og flytta elevane over til ein skule som er i monaleg dårlegare stand? FAU i Strandvik er sterkt kritiske til posisjonen sin versjon av ansvarleg økonomisk politikk i dette høvet.
Kvåle seier vidare i same sak, at kva som vert deira versjon av trinn to skal dei ikkje ta stilling til før i april - då først veit dei kva dei vil vidare. Dette lovar godt for ein ansvarleg og føreseieleg økonomiplan. Korleis kan politikarane i det heile teke handsama ein økonomiplan utan ein plan? Heilt sidan valet har de visst at kommunestyremøtet kjem 17. desember. At de ikkje veit kva de vil enno er sterkt uroande, så ordføraren sitt forsøk å beroliga nokon hadde vel motsett effekt.
I dårlegare stand
Me stiller spørsmål til kor ansvarleg det er å bruka millionar på mellombelse løysingar. Me er kritiske til å måtte senda borna våre til ein skule som baserer seg på å måtta leiga klasserom, og der ein ikkje er samlokaliserte i eitt bygg. Me er kritiske til å senda borna våre til ein skule som tilsynelatande er i dårlegare stand, og med mindre uteareal. Me er kritiske til å sende borna til eit busstopp som er uoversiktleg, dårleg belyst og trafikkfarleg. Me er kritiske til å senda borna våre til ein skule der det er biltrafikk i, og til dels gjennom, uteområdet. FAU ved Strandvik Oppvekstsenter er kritiske til dei manglande økonomiske vurderingane som ligg til grunn for val av skulestad.
Har de ein plan?
Har de ein plan for dei praktiske løysingane kring skulenedlegginga? Slik det framstår no, verkar det ikkje slik og det uroar oss. Håpa de har forståing for det og fortel oss om framtidsplanane de har og kva dei vil kosta. Det er det sikkert ikkje berre me i Strandvik som lurar på..
FAU Strandvik Oppvekstsenter
v/Tone Andreassen Vik