Ordførar Terje Søviknes forklarer skilnaden på posisjon og opposisjon.
Ordførar Terje Søviknes forklarer skilnaden på posisjon og opposisjon.

Skulemeister Søviknes

Fredag føremiddag fekk tredjeklasse-elevane i politikk og menneskerettar ved Os gymnas omvising på rådhuset av ordførar Terje Søviknes.

Ordførar Terje Søviknes har nett snakka seg varm om kommunal styring før han går over til den endelause rekkja av ordførar-måleri som heng bortetter veggen i kommunestyresalen i Os rådhus. Han har ikkje før sagt det, før ein gut på bakerste benk smell til med følgjande replikk:

- Men det er jo ikkje plass på veggen til deg!

Artikkelen held fram under annonsen.

- Haha, det har du heilt rett i. Eg lurte på om nokon ville kommentera det, ler Søviknes.

- Nei, eg må rett og slett bli attvald, eller så må vi byggja om heile kommunestyresalen.

Ny karriere

Skulle han ikkje bli attvald, kan det jo vera greitt å ha prøvd seg i rolla som skulemeister. Etter å ha sett ordføraren i rolla som skulemeister, vil vi tru han trygt kan søkja jobb som samfunnsfaglærar ved Os gymnas.

Moroklumpane på bakerste benk bemerkar at det ikkje er plass til noko måleri av Terje Søviknes på veggen bak.
Moroklumpane på bakerste benk bemerkar at det ikkje er plass til noko måleri av Terje Søviknes på veggen bak.
Fyrstegongsveljarane Konstanse Haukeland (t.v.) og Ingrid Marie Stokke.
Fyrstegongsveljarane Konstanse Haukeland (t.v.) og Ingrid Marie Stokke.

Faglærar i politikk og menneskerettar, Øystein Johannessen, har teke med seg klassen sin for å læra meir om haustens store tema, kommunepolitikk. Klassen, som for tida samarbeider med Os & Fusaposten om valstoff, består av engasjerte, om enn litt usikre elevar.

- Uff ja, eg har ikkje greidd å bestemma meg enno for kva eg skal stemma. Eg er eigentleg mest forvirra, seier Konstanse Haukeland.

Då er veninna Ingrid Marie Stokke meir bestemt.

- Eg har landa på kva eg skal stemma, men det var ikkje lett. Til slutt var det skulepolitikken som avgjorde det for meg, seier fyrtstegongsveljaren.