Footprints can be followed when tracking during a hunt or can provide evidence of activities.
Footprints can be followed when tracking during a hunt or can provide evidence of activities.

Skogstankar

"Hjortefot" har samla sine tankar kring budsjettet i Fusa i dette diktet.

Det var ein hustrig dag under jakta

Karane kraup i ly for vadlesletta

Artikkelen held fram under annonsen.

Men kaffien varma og det vart snakk om politiske fakta.

Eller fakta og fakta, det er ikkje lett å forstå detta.

Dei folkevalde tingar ei storstilt høyring.

Om noko som verkeleg engasjerer.

Likevel vel dei berre einvegskøyring.

Det er i alle fall ikkje folkemeininga dei respekterer.

Kva er det dei ikkje forstår?

Kan det hende dei treng tolk?

Artikkelen held fram under annonsen.

Nei, det er maktarrogansen som rår.

Ute i bygdene det kjennest som ein dolk.

Eit sterkt sentrum vil dei ha,

men det er jo i provinsen folk vil bu.

På kommunetunet dei har det ikkje bra.

Dei ynskjer jo dette å snu.

Kva kan dei gjera med den opprørske provinsen?

Det enklaste er å leggja ned nokre skular.

Artikkelen held fram under annonsen.

For sentrum må vera største skulekrinsen.

Dei klarer ikkje å hindra at folk i bygdene .....

Auka busetnad i sentrum er ikkje lett.

I mange år det har vore eit fela kav.

Men no ordnar det seg, flyktningebustader rett og slett.

Stakkarane må jo kunna gå både til doktar og NAV.

Byggja når kommunen skal spara på kvar ei krona.

Dei må no kunna bu andre plassar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Men då må stakkarane langs landevegen slita ut skona.

Kan løysinga liggja hos desse som ynskjer større klassar?

Borna frå sentrum kan til provinsen i buss susa.

Og i gamleskulen kan det bli husvære.

Då vil me alle få eit lukkeleg Fusa.

Anten me ynskjer å vera små eller svære.

Så vyrde ordførar der du sit så viktig med brillene på nasa.

Partiet har nok lært deg å vita best,

Artikkelen held fram under annonsen.

men provinsen vil ikkje slutta å masa,

for det er ikkje med hovmod ein vinn mest.

Hjortefot