Skal vi ta ansvar eller berre snu ryggen til
Solidaritet handlar om å erkjenna at menneskelige livsvilkår er forma av menneska.
Det er difor menneska sjølv som har ansvar for å endra rammevilkåra som skapar den urettferda vi opplever i verda. Rettferd og solidaritet må skapast gjennom både global og lokal innsats.
Eit døme på dette er menneskeskapte klimaendringar. Velstandsutviklinga den vestlege verda har oppnådd i løpet av det siste århundret har i stor grad vore på bekostning av den tredje verda. Rovdrift på naturressursar og auka utslepp av farlege klimagassar har ikkje berre medført uver med dramatiske følgjer for mange av våre landsmenn dei siste åra. Det har også resultert i fleire store klimaskapte katastrofar i andre delar av verda.
Artikkelen held fram under annonsen.
Klimaendringa er anslått å vera den enkeltfaktoren som genererer dei største flyktningestraumane i framtida. Skal vi framleis dyrka våre eigne behov og krav om velstandsauke, eller skal vi legga om vårt eige levesett i solidaritet med dei som vert råka av slike katastrofar? Skal vi også syta for at borna våre og dei komande generasjonar får oppleva den tryggleiken og "gode liv" vi tek som sjølvsagt?
Ut over eigne grenser
Os SV ser det som viktig at vi både ser ut over eigne grenser og framover i tid. Os SV vil visa solidaritet med både komande generasjonar og dei som alt no blir råka av klimaforverringa og andre miljøproblem. Dette inneber at vi må prioritera ei berekraftig utvikling og omsyn til naturen sine tolegrenser framfor økonomisk vekst. Det inneber også at vi må ta inn over oss at fleire og fleire vil koma til landet vårt og søkja tilflukt frå hungersnaud og klimaskapte katastrofar. Klimaendringane kan ikkje løysast lokalt, men lokale løysingar må vera ein del av globale løysingar. Difor krev SV ein meir aktiv miljøpolitikk enn den som vert ført i Noreg i dag.
Bidra lokalt
Eit anna døme på å visa solidaritet og samfunnsansvar er å bidra lokalt i høve til den flyktningekrisa Europa står ovanfor i desse dagar. Krisa vert omtala som den verste flyktningekrisa sidan siste verdskrigen. Det auka talet på flyktningar set norske kommunar og nordmenn sin vilje til solidaritet på prøve. Fleire land og fleire lokalsamfunn må ta ansvar dersom det skal vera mogeleg å ta hand om krisa.
Det er kommunane som bestemmer om dei vil busetja flyktningar. Difor er det i kommunane det vert avgjort kva rolle Noreg skal spela i høve til det som no skjer i Europa. Flyktningekrisa vi er vitne til kvar dag berører oss. Os SV meiner difor at Os kommune både kan og bør busetja fleire flyktningar enn det som er minstekravet frå IMDI. Vi må følgja utviklinga og heile tida vurdera kor mange vi bør og kan ta i mot. Os er ein inkluderande kommune som godt har plass og hjarterom til Syrarar på flukt frå krig og frykt i eige land. Os SV set internasjonal solidaritet på dagsorden og vil heller rekka ut ei hand framfor å snu ryggen til.
Os SV meiner difor at Os kommune både kan og bør busetja fleire flyktningar enn det som er minstekravet frå IMDI.
Hilde Karin Storum
Listekandidat, Os SV