Sjølv etter 30 år som sjef på Lysøen, synest direktør Berit Høgheim framleis det er like kjekt å opna dørene for ein ny sesong.
Sjølv etter 30 år som sjef på Lysøen, synest direktør Berit Høgheim framleis det er like kjekt å opna dørene for ein ny sesong.

Sjefen på Lysøen

Berit Høgheim har hatt stillinga som dagleg leiar av Lysøen i snart 30 år, og søndag 20, desember runda ho 60 år.

Me ringjer for å slå av ein prat med Lysøen-sjefen, men høyrer at ho dreg litt på det når me fortel kva ærend me har.

- Vel, eg må innrøma at eg ikkje er så veldig glad i å vera i rampelyset, seier ho når me frittar frampå.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Du likar deg best bak sceneteppet, med andre ord?

- Ja, absolutt. Hadde det vore eit sceneteppe å gøyma seg bak på Lysøen, så hadde eg nok ofte søkt tilflukt der, ler ho.

Men når det gjeld å snakka om Ole Bull, musikken hans, villaen og dei flotte turområda på øya, er ho aldri vond å be. Ei heller når det gjeld å dela ut ros til alle dei dyktige og ivrige eldsjelene i dugnadsgjengen - har me merka oss.

Sterk tilknyting til Os

Berit Høgheim er fødd og oppvaksen i Bergen, men har alltid hatt eit nært forhold til Lysefjorden - og Lysøya.

- Far min hadde gode kameratar frå Lysefjorden, og kjøpte seg difor ei tomt og bygde seg hytte på Søvik på 1950-talet. Her var me mykje då eg voks opp, og mange av mine beste vener er herfrå, fortel Berit.

Ho har seinare bygd seg hus på tomta på Søvik, og har fast tilhaldsstad der når ho ikkje er på Lysøen.

- Historia om Ole Bull og Lysøen har alltid fascinert meg, og i skuletida skreiv eg særoppgåver både om Lyseklosteret og Lysøen. Eg føler meg difor utruleg priviligert som har fått lov til å jobba her i så mange år.

Starta med sommarjobb

Sommaren 1985 fekk Berit Høgheim sommarjobb som guide ved museet på Lysøen. Ho var nyss heimkomen etter nokre år på Svalbard saman med familien, og var usikker på kva yrkesveg ho skulle slå inn på. Etter sommarjobben på Lysøen jobba ho eit halvt år ved Os lensmannskontor, før "sjebnen" greip inn og viste kva veg ho skulle inn på.

Artikkelen held fram under annonsen.

- I april 1986 vart det lyst ut ei stilling som dagleg leiar ved Lysøen. For meg var dette sjølve draumejobben, så eg søkte - og var så heldig å få han, seier Høgheim.

Berit fortel at ho gjekk i god lære hos Lysøenutvalet, dei som hadde vore med og drive Lysøen på friviljug basis i mange år.

- Personar som Egil O. Laastad, som var styreleiar då eg byrja, og redaktør og journalist Carl O. Gram Gjesdal frå Morgenavisen i Bergen, har vore svært viktige læremeistrar for meg. Sistnemnde har mykje av ansvaret for å ha bygd opp konsertforma "ord og tonar" når ein skal introdusera musikk og komponistar for folk.

Høgheim trekkjer også fram det store, frivillige engasjementet rundt Lysøen som svært viktig og inspirerande.

- Det er veldig kjekt at Lysøen no har fått ei aktiv og engasjert venneforeining.

Også kontakten med Ole Bulls amerikanske familie er ein positiv del av jobben.

Viktig å sikra eigedomen

Sjølv etter 30 år som sjef på Lysøen, synest ho framleis det er like kjekt å opna dørene for ein ny sesong.

- Det er fantastisk å få lov til å visa fram villaen, fortelja den spennande historia om Ole Bull, arrangera konsertar, invitera føredragshaldarar og bruka den flotte øya til ulike aktivitetar for store og små.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Kva har vore den viktigaste oppgåva i løpet av dei 30 åra du har jobba her?

- Det viktigaste me har gjort er å sikra eigedomen betre, det gjeld både brannsikring og sikring av gamle gjenstander. Restaureringsarbeid av hus og opprusting av stiar, kaianlegg og uteområde har også vore ei viktig oppgåve, svarar Berit Høgheim.

Ho er oppteken av at ein ikkje må "bruka opp" kulturarven på Lysøya.

- Men de vil vel samstundes at folk framleis skal besøka Museet Lysøen og den flotte naturen her ute?

- Ja, sjølvsagt vil me det. Det er litt sånn: Ja, takk begge deler. Men me må informera godt, og vera bevisste på kva som er lov å gjera og røra og ikkje, slik at me kan vidareføra dette til generasjonane som kjem etter oss.

- Aukar talet på besøkande frå år til år?

- Både ja og nei. Dei kulturelle arrangementa har hatt eit jamt besøk over fleire år, men det er mange fleire som kjem til Lysøya i båt no. Dei vakre naturområda på øya er blitt svært populære. Her kjem både lokale og tilreisande, og med to separate flytebryggjer og den store kaien der større charterbåtar kan leggja til, har me fått mange fleire båtplassar dei siste åra.

Spennande program i 2016

For tida jobbar Høgheim med programmet for 2016-sesongen, og ho fortel at dei satsar på å leggja det opp etter same leisten som dei har gjort dei siste par åra. Ho gler seg mykje til både festspelkonsertane og alle dei andre arrangementa på Lysøen i 2016, då dei mellom anna får besøk av tre unge, dyktige musikarar.